Lokka med komler: Vil få utflytta dalbuar heim att
Plus
Komlemiddag i Oslo skal få utflytta dalbuar til å flytte heim. Det var stinn brakka då det torsdag kveld var komlemiddag midt i hovedstaden.
Oslo (Dalane Tidende): Det luktar komle og småpraten går lett rundt borda i eit grendehus på Grünerløkka i Oslo. Utflytta dalbuar og andre nysgjerrige har samla seg til ein litt annleis afterwork.
Men for eitt av para rundt bordet er valet allereie teke. Blant deltakarane er ekteparet Kristian og Lars Bransberg. For Kristian er avgjerda enkel:
– Eg flyttar tilbake til Egersund etter 15 år i Oslo, seier han.
Han flytta til hovudstaden for å studere, men kjenner no at tida er inne for å vende heim. – Du merkar kor godt folk kjenner kvarandre. Det er ein tryggleik og ein nærleik i relasjonane som du ikkje finn på same måte i Oslo, seier Kristian. – I Oslo er det tempo heile tida. I Dalane går ting litt saktare, men på ein god måte.
No tek han med seg ektemannen Lars for å starte eit nytt kapittel i Dalane.
Satsar på å hente folk heim att
Bak den lune stemninga ligg eit tydeleg behov.
– Me manglar arbeidskraft og ønskjer å få fleire til å jobbe i regionen, seier Inger Lomeland, dagleg leiar i Egersundregionen.
Dette er første gongen dei prøver seg på ei slik samling i hovudstaden. Rundt 35 personar har meldt seg på komlemiddagen på Grünerløkka. – Me trur det er eit potensial, ikkje berre hos studentar, men også hos dei som har etablert seg her, seier Lomeland.
Blir det vellukka, kan det bli liknande arrangement i byar som Bergen, Kristiansand og Tromsø.
'
Lokkar med kjensler
For dei som kjem frå Dalane, handlar mykje om det som ikkje finst i storbyen. – Når du har flytta vekk, er det ofte familie og vener som er den største grunnen til å flytte heim att, seier Lomeland.
Derfor spelar kampanjane bevisst nettopp på dette. – Me snakkar om «å kome heim til kommunal barnevakt», altså foreldre og besteforeldre.
Billigare bustad
Under middagen får deltakarane også høyre om bustadmarknad og økonomi.
– Det er langt meir lønnsamt å kjøpe bustad i Egersund enn i Oslo, seier Håkon Skjøveland frå Flekkefjord Sparebank.
Han viser til døme der ein bustad i Oslo kan koste over sju millionar kroner for rundt 90 kvadratmeter, medan ein einebustad i Egersund kan koste under fire millionar for langt større plass. – Med lågare bustadlån får du mykje betre økonomisk handlingsrom. Du kan spare meir, reise meir og bli gjeldfri raskare, seier Skjøveland.
Forskjellen i bustadprisar kan utgjere fleire tusen kroner i månaden. – Me treng spesielt at dei som flyttar ut, kjem tilbake att, seier Eirik Åse frå Norgeshus.
Konkurrerer med storbyen
Å få folk til å forlate storbyen er likevel ikkje enkelt.
– Det er jo her mange føler at moglegheitene er, seier Lomeland. – Me kjem aldri til å ha det same tilbodet som ein storby. Men me har andre kvalitetar. Me er noko anna.
– Reell rekruttering
– Dette er ikkje berre kos. Det er reell rekruttering, seier Lomeland. Ho håpar fleire vil gjere som Kristian og Lars, og velje Dalane framfor storbyen.
– Me treng fleire folk i regionen framover. Det er heilt nødvendig.