Vi treng heller debatt enn harselas
Plus
Blant rabulistar vil nok HÄkon Glomsaker hauste applaus som stÄopp-komikar. Det skal han ha; ordet har han i si makt. Men diskusjonsmÄten hans manglar respekt for dei med andre haldningar.
Han trekker fram diverse forhold i samfunnsstyringa som han er provosert av, utan Ă„ reflektere over korleis ting heng saman. I typisk Frp-stil blir sutring og gĂžrr brukt som middel til Ă„ sverte regjeringa.
Blant de troende
Det er mangt regjeringa kan kritiserast for. Men nÄr kritikk og misnÞye blir formulert som reinspikka hets, nÞrer Glomsaker opp under anarki og motarbeiding av demokrati.
Dei som stÄr for slike idear, stÞttar gjerne slagordet «mindre stat, meir marknadsstyring». «Mindre skatt og avgifter» lyder refrenget. Ja, kvifor har ikkje alle sansen for det?
Dei som har gjort klaging og syting til vanleg talemÄte, er mindre glade i Ä diskutere kva utgifter staten skal redusere. Historia er tydeleg: NÄr ein demokratisk stat reduserer inntektene sine, gÄr det verst ut over dei som har minst.
Glomsaker irriterer seg over av Norge bruker éin prosent av nasjonalinntektene til Ä hjelpe Ukraina og utvikling i fattige land. FrÄ meiningsfellane hans hÞyrer vi stadig: «Det er ei skam at staten ikkje bruker pengane pÄ sjuke og gamle som bur her i landet.»
Sanninga er vel at sjuke og gamle i Norge stort sett blir brukbart oppvarta med offentlege tenester. Det finst sjuke og gamle i ein god del andre land som misunner standarden vi har.
NoksÄ mykje pengar blir brukt innanlands ogsÄ; nÊrare bestemt 99 prosent av statsinntektene.
Skatt- og avgiftsmotstandarane stilte seg ikkje bak etableringa av oljefondet i 1990. Dei ville heller at den nasjonale retten til olje- og gassinntekter skulle seljast til multinasjonale konsern.
No er skatt- og avgiftskritikarane blitt sÄ glade i oljefondet at dei vil stikke sugerÞyr i det for Ä redusere skattar og avgifter. Inkludert mindre moms. Men utan tilsvarande nedskjering i offentlege tenester.
Det heng ikkje pÄ greip. EndÄ meir pengar i omlÞp vil gje ytterlegare press i ein norsk Þkonomi som allereie gÄr pÄ hÞggir. LÞnns- og priskarusellen som sentralbanksjefen har Ätvara mot, ser allereie ut for Ä ha fÄtt fart pÄ seg. Meir inflasjon har vi absolutt ikkje bruk for.
Glomsaker har rett i at korrupsjon har vi heller ikkje bruk for. Vi mÄ kunne forlange at alle parti, offentlege instansar og private bedrifter som har svin pÄ skogen, tek skikkeleg tak i slikt.
Det gjeld i hÞg grad ogsÄ pengane som staten sender til hjelp i andre land. Vi mÄ ha eit system som unngÄr at slike overfÞringar fell i hendene pÄ vÄpenhandlarar og korrupte statsleiarar.
Men dei som meiner at utviklingspengar til andre land er like inflasjonsdrivande som reduksjon av skattar og avgifter, er pÄ villspor. Slike overfÞringar aukar ikkje pengemengda i norsk Þkonomi.
Saka er nok at den oljesmurde Þkonomien har skjemt oss bort med gode ordningar. Velferda og kjÞpekrafta har auka jamt og trutt gjennom mange tiÄr, utan at vi tek oss bryet med Ä vurdere korleis vi faktisk har det i forhold til folk i andre land.
Fartsblinde er vi blitt. Tenker ikkje over at i tillegg til Ä bruke skatt- og avgiftsinntektene, fÎrar staten oss Ärleg med over 100.000 kroner av oljefondet. Per innbyggar.
OgsÄ statsapparatet er blitt bortskjemt. Pisken som staten svingar for Ä oppdra kommunane til Ä bruke pengane effektivt, burde staten bruke ogsÄ pÄ seg sjÞlv. Innsparingane som er Ä hente der, kan brukast pÄ Ä redusere skattar og avgifter.
Dette er lett for meg Ä hevde, men konkrete sparetiltak er vanskelegare Ä peike pÄ.
Derfor har vi demokrati; pengebruken mÄ ta omsyn til ulike omsyn og interesser. PÄ same mÄten kan ikkje snÞskuterentusiastar neglisjere at naturen har sin eigenverdi, og at natur med minimal, menneskeleg pÄverknad ogsÄ inngÄr i dei nasjonale verdiane vÄre.
Og det kan hende at regelverket som hindrar idrettsglad ungdom i Ä rydde sÞppel i skrÄningar, er for strengt. Men at det finst reglar som er laga for Ä hindre dÞdsfall langs trafikkfarlege vegar, bÞr ikkje harselerast over.