Herold

Frå privat konsulent til avdelingsdirektør i FD

Kilde: Forsvaretsforum Author: Oda Eggesbø Ottesen Published: 2026-04-23 03:46:00
Frå privat konsulent til avdelingsdirektør i FD

Anne-Marie Mellbye blei fredag utnemnd til avdelingsdirektør for tryggleik og sivilmilitært samarbeid (SIV) i Forsvarsdepartementet.

Ho er utdanna sivilingeniør ved NTNU og kjem frå rolla som Principal i Boston Consulting Group (BCG).

No skal Anne Marie Mellbye (32) vere direktør for SIV i Forsvarsdepartementet (FD).

Dette etter å ha jobba med BCG si støtte til FD i perioden 2024-2025, med strategisk IKT og organisasjonsutvikling.

– Eg gleder meg til å komme tilbake til Forsvarsdepartementet og jobbe saman med så mange engasjerte og flinke folk, seier ho i ei utsegn frå FD.

– Det blir spennande å vere med på å utvikle gode løysingar i ein sektor som er så viktig.

Det er departementet som bestemmer når Mellbye skal tiltre i rolla. Datoen er ikkje sett enno.

ny jobb?

Har du eller nokon du kjenner fått ny jobb? Då vil vi gjerne at du skriv eit par linjer om vedkommande og jobben, legger ved et bilde i breiddeformat, og sender til

tips@fofo.no

Merk gjerne emnefeltet med «Nytt om navn»

LES OGSÅ:

🏷️ Extracted Entities (12)

Forsvarsdepartementet FD (organization) Anne Marie Mellbye (person) nytt om navn 📁 (category) Forsvar 🏷️ (keyword) Forsvarsdepartementet 🏷️ (keyword) Nytt om navn 🏷️ (keyword) Sikkerhet 🏷️ (keyword) Boston Consulting Group BCG (organization) SIV (entity) IKT (entity) NTNU (entity) Principal (entity)

📊 Metadata

Category: nytt om navn
Keywords: sikkerhet, forsvarsdepartementet, forsvar, nytt om navn