Ny runde med buss for tog
Plus
Bane NOR stengjer jernbanen mellom Bergen og HÞnefoss siste helga i april for vedlikehald. Reisande mÄ bruka buss medan arbeidet gÄr fÞre seg langs heile strekninga. Dette gjeld ogsÄ i Vaksdal kommune.
Jernbanen er heilt stengt mellom Bergen og HÞnefoss frÄ natt til laurdag 25. april klokka 02.00 til mÄndag 27. april klokka 03.00. Arbeidet startar likevel allereie fredag 24. april. Denne dagen vert strekninga mellom Bergen og Voss stengt frÄ klokka 09.20 til 13.45.
For pendlarane lokalt i Vaksdal og omland vert avbrotet lengre. Strekninga mellom Arna og Dale held fram med Ă„ vera stengt etter at resten av banen har opna. Her vert det ikkje togdrift fĂžr natt til tysdag 28. april klokka 04.00.
Vedlikehald langs heile lina
Bane NOR skal utfĂžra ulike typar nĂždvendig vedlikehald i sporet. Dette er ein planlagd arbeidsperiode. PĂ„ Ustaoset stasjon skal mannskapa montera eit nytt kontaktledningsanlegg.
- Bane NOR nyttar denne lenge planlagde arbeidsperioden til ulike typar nÞdvendig vedlikehald i sporet langs hele banen, seier kommunikasjonsrÄdgivar i Bane NOR, Ingvild Eikeland.
Vy set opp bussar
Toga kan ikkje kÞyra pÄ lina nÄr arbeidet gÄr fÞre seg. Vy organiserer difor alternativ transport for passasjerane i denne perioden. Det vert kÞyrt buss for tog mellom Bergen og Oslo S.
- Felles for alt arbeidet er at det ikkje kan gjerast medan det gÄr tog, opplyser Eikeland.