Vil verna 1003 kvadratkilometer av Sognefjorden
Plus
No kan du seia di meining.
Statsforvaltaren i Vestland legg no forslaget om vern av Sognefjorden på høyring. Målet er å sikra verdas djupaste fjord for framtida.
Alle interesserte er inviterte til å seia si meining. Høyringsfristen er 1. november.
Verneforslaget dekkjer eit sjøareal på 1003 kvadratkilometer og strekkjer seg over ti kommunar, frå Solund i vest til Luster i aust. Føremålet er å ta vare på det biologiske mangfaldet og det undersjøiske landskapet i fjorden.
Samstundes tilrår konsekvensutgreiinga å trekkja vernegrensa vekk frå industriområde og tettstadar, ettersom desse områda ofte har tunge samfunnsinteresser.
Forslaget er basert på eit omfattande kunnskapsgrunnlag, der det mellom anna er gjennomført ei konsekvensutgreiing, møte, innspel og drøftingar undervegs i prosessen.
Statsforvaltaren meiner konsekvensutgreiinga syner at eit marint vern vil vera positivt for Sognefjorden samla sett.
– Naturmiljø, kulturminne, friluftsliv, fiskeri, landskapsbilete, verdsarv, reiseliv og forsking er tema som kjem styrkja ut, heiter det i pressemeldinga.
Vern av Sognefjorden splittar partiet No ligg Sognefjord-vernet hjå Miljødirektoratet: – Veldig kompleks sak