Herold

Innleiar søksmål mot Norge i Førdefjorden-saka

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Idar Stadheim Published: 2026-04-23 18:48:29
Innleiar søksmål mot Norge i Førdefjorden-saka

FIRDA: ESA, som er EFTA sitt overvåkningsorgan, meiner at Norge har brote vassrammedirektivet ved handteringa av gruveavfall i Førdefjorden og Repparfjorden. Hovedkonklusjonen deira er at regelverket ikkje er fulgt rett, særleg når det kjem til unntaksbestemmingane.

Vassrammedirektivet pålegg EØS-land å jobbe for å unngå at tilstanden til vassmiljø vert dårlegare, og unntak kan berre bli gjort på strenge vilkår.

Slike unntak er til dømes helse- eller tryggleiksfordelar, eller berekraftig utvikling, der sistnemnde er det som Staten har nytta som argumentasjon i sakene knytt til både Repparfjorden og Førdefjorden.

No meiner altså ESA at Norge med dette bryt direktivet.

Det kjem fram frå ei pressemelding frå Naturvernforbundet torsdag kveld, som syner til eit brev til lima- og miljødepartementet 23. april, med ESA som avsendar.

Dette brevet er eit såkalla «formal notice», under EØS-avtalen.

Med brevet varslar ESA at dei har opna sak, og dei gir den Norske staten to månader til å komme med ein uttale, før ESA tar stilling til om saka skal bli teke vidare.

Dersom svaret frå Staten ikkje er tilfredsstillande, vil saka gå vidare til EFTA-domstolen. Her har Førdefjord-saka vore tidlegare, i fjor sommar. Dommen som kom fram her, er rett nok ikkje juridisk bindande, men fungerer som ei rådgjevande uttale.

EFTA-domstolen: Minerala, ikkje pengane, må ha tilstrekkeleg samfunnsnytte

– Dette styrkar vår sak ytterlegare og syner at vi har hatt rett heile tiden, seier seier Truls Gulowsen, leiar Naturvernforbundet i pressemeldinga, om det nye brevet frå ESA.

Brevet kjem fire dagar før behandlinga i Høgsterett av løyvet til gruvedeponering i Førdefjorden.

🏷️ Extracted Entities (13)

Førdefjorden (entity) ESA (entity) Norge (entity) EFTA (entity) EØS (entity) Naturvernforbundet (entity) Repparfjorden (entity) Staten (entity) FIRDA (entity) Førdefjord (place) Høgsterett (entity) Norske (entity) Truls Gulowsen (person)