Språkpris til NRK-Sigrid
Plus
– Det er kanskje første gong nynorsken har fått meg til å grine.
(Nordlys:) Sigrid Agnethe Hansen får nynorskprisen for journalistar 2026.
Det skriver NRK selv i en pressemelding. Prisen deles ut av Kultur- og likestillingsdepartementet.
– Dette er verkeleg den største æra eg kunne ha fått. Eg blei så utruleg overraska og glad. Det er kanskje første gong nynorsken har fått meg til å grine, sier prisvinneren i pressemeldinga.
Sigrid Agnethe Hansen (fødd 1989) er journalist og forfattar fra Harstad. Ho jobbar som programleder og produsent i NRK Troms.
– Det er utruleg stort for meg. Å skrive er det aller beste eg veit, så det betyr mykje å vite at det faktisk blir lagt merke til i det store mylderet av journalistikk.
Juryen trekker fram at Hansen oppmuntrer til mer nynorsk og hjelper de som vil prøve seg i redaksjonen.
– Når folk spør meg om kvifor eg skriv nynorsk, illustrerer eg det med eit trøorgel og eit flygel. For meg er bokmål trøorgelet, nynorsk er flygelet. Melodien, flyten og måten det kjem til meg på er som musikk nesten kvar gong. Og eg er utruleg stolt og glad for at juryen har lagt merke til kjærleiken eg har til språket.
Prisutdelinga skjer under Dei Nynorske Festspela i Aasentunet 12. juni. Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar er på 75.000 kroner og et kunstverk.
Her er hele juryens begrunnelse:
Det står i statuttane at Kultur- og likestillingsdepartementet sin nynorskpris for journalistar skal ære ein journalist som sjølv er dyktig og som er eit føredøme for andre. Vidare bør arbeidet til journalisten gje nynorsken status og innpass på nye område. Årets vinnar innfrir til fulle på alle desse områda.
Sigrid Agnethe Hansen (f. 1989) er frå Harstad og er utdanna ved UiT Norges arktiske universitet i Tromsø og ved NRK Nynorsk mediesenter i Førde. Ho har arbeidd som journalist i NRK og i iTromsø. Utanom journalistikken har ho mellom anna skrive to ungdomsbøker. Journalisten Hansen er uredd. Store, krevjande tema får eit tydeleg og forståeleg språk.
Aller best er ho kanskje når sakene handlar om folk, anten det er menneske på flukt eller meir kvardagslege tema. Ho verkar nyfiken på menneska ikring seg og kva som driv dei, og det får publikum nyte godt av gjennom journalistikken hennar.
Kommentatoren Hansen har vist seg som ein ordkunstnar med sterke skildringar og slåande bilete. Her får det kreative språket fritt spelerom, og ho er ikkje redd for å vere personleg i tekstane. Ein av dei som nominerte Hansen til prisen, meinte det var ein fryd å lese nynorsk i lokalavisa så langt nord. Det tener iTromsø til ære at dei opna for dette då Hansen spurde.
Kollegaen Hansen er populær i arbeidsmiljøet. Ho er ei som gjerne oppmuntrar til meir nynorsk der ho er, og som stør dei som vil prøve seg. Slik opnar ho døra til journalistikk på nynorsk for fleire. Det trengst, ikkje minst i Nord-Noreg, og det gjer Hansen til ei endå viktigare nynorskstemme. I tillegg løftar ho stolt fram sin samiske bakgrunn.
Hansen skriv engasjerande og spenstig på eit godt nynorsk som flyt lett og kling sterkt. Språkføringa er aktiv og munnleg utan å bli pludrete eller lettvint. Det er eit godt nyhendespråk.
Ho brukar verknadsfull allitterasjon, talande språkbilete og korthogde setningar, som når ho skriv om svigermora si i ein artikkel om samisk språk og liv: «Ho kjempa mot bygdedyr og byråkrati for å få på plass grunnleggjande rettar for barn i barnehage og barneskule. Ho ga seg ikkje, bøygde ikkje av, slutta ikkje sjølv om det var vanskeleg. Lokomotivet i ho ga ho vidare til ungane sine.»
Journalisten Sigrid Agnethe Hansen er både nynorsk og nordnorsk. Kombinasjonen er framifrå. Vi gratulerer.