Dei fleste geitene på Kvist er avliva: – Grotesk
40 av geitene på Kvist er avliva.
(Firda): For snart eit år sidan vedtok Stortinget at geiteflokken på Kvist ikkje skulle bli avliva innan det gitte fristen, men at det skulle bli arbeidd vidare for å finne løysingar som sikrar dyrevelferda og ivaretar genmaterialet.
Mange tolka dette som at dei 55 geitene skulle få leve, og jubla over dette.
Men slik blei det ikkje. No er 23 kje blitt henta ut, og 40 av 55 av geitene avliva.
– Avliving av 40 geiter. Er det verkeleg i tråd med stortingsvedtaket?
– Det er jo det. Det har ikkje vore god dyrevelferd i flokken, og jo meir vi har jobba med den, jo meir skadar, plagar og sjukdom har vi sett. Ting ein ikkje vil sjå om ein ikkje følger dei tett. Denne gruppa på Facebook ser berre det dei vil sjå, seier Nina Svartedal i NIBIO.
Smartembed for https://www.firda.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=525189
Det er eigaren av geitene som har ansvaret for å gjennomføre vedtaket frå Stortinget, i samråd med Mattilsynet, med bidrag frå Dyrebeskyttelsen sitt lokallag og Norsk genressurssenter ved Nibio.
Arbeidet inneber å hente inn sjuke og forlatne kje og å forsøke å temje vaksne geiter som er friske.
Nokre få vaksne geiter er blitt temde. Geitene dei ikkje klarer å temje og dei som er skadde eller sjuke, blir avliva.
– Umoglege å temje
– Det er ingen som greier å temje desse geitene, uansett kor hardt ein prøvar. Dyr som har vore ute heile sitt liv, klarer du ikkje temje, og du må aldri finne på å ta dei inn i fjøs, det blir som ei fengselscelle. Den rå maktbruken som eigar har vore tvinga til å gjennomføre, det synest eg er uverdig.
Det seier Vidar Sandal, som er ein av mange som har engasjert seg i saka. Han har sjølv 35 års erfaring med mjølkegeiter.
Smartembed for https://www.firda.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=525198
Sandal har mange gonger gitt uttrykk for meiningane sine i Facebook-gruppa som før heitte «La villgeitene få leve», og som no er døypt om til «Til minne om villgeitene som ble massakrert av mattilsynet». Gruppa har heile 18.000 medlemmar.
– Sandal meiner at eigaren har vore tvinga til å bruke «rå makt» i denne prosessen. Kva tenker Mattilsynet om at prosessen de har vore med på å legge rammene for, blir skildra slik?
– Mattilsynets rolle har vore å rettleie i prosessen, og å fatte vedtak for å sikre dyra nødvendig tilsyn og stell. Fristen for å etterkomme vedtaket har blitt utsett fleire gonger for å sikre at det kan gjennomførast på ein god måte. Dyreeigar har i denne saka, som i alle andre saker, hatt klagerett på alle vedtak. Dyreeigar har vore innstilt på og ønskja avvikling, og har derfor ikkje klaga, seier Ragnhild Askeland Bøe som er seksjonssjef for produksjonsdyr vest i Mattilsynet.
Smartembed for https://www.firda.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=525201
Firda har vore i kontakt med eigar av geitene Birger Olav Sørebø. Han viser vidare til Svartedal hos NIBIO som kontaktperson for prosjektet.
Prinsipielt ueinige
Villgeitgruppa og fagfolka i Matilsynet og NIBIO er ueinige i mykje som ligg til grunn i denne saka. Blant anna to heilt grunnleggjande ting:
Villgeitgruppa meiner geitene er ville. Mattilsynet viser til Naturmangfaldlova, som slår tydeleg fast at geitene er å rekne som «domestiserte artar», og at dei ikkje vil falle under viltomgrepet uavhengig av kor lenge dei har levd fritt.
Se hvalen
Geitene er forvilla husdyr, ifølge Mattilsynet og Direktoratet for naturforvaltning.
Dei er også ueinige i helsetilstanden og velferda til flokken. Villgeitgruppa held fast ved at flokken har klart seg aleine i 80 år, og at det er eit bevis på at dei er friske og sterke.
Mattilsynet forhalde seg til dyrevelferdslova, som krev sikker fôring om vinteren og tilstrekkeleg tilsyn ved kjeing og sjukdom. Dette på bakgrunn av at dei er å rekne som husdyr.
Kart: Kvist naturreservat
– Spor etter mykje liding
Bøe i Mattilsynet seier at det slett ikkje er slik at geitene er sunne og friske, slik det blir hevda i Facebook-gruppa.
Ho fortel at svært mange kje i dette dyrehaldet har døydd på grunn av nedkjøling, svolt eller blitt tatt av rovdyr, og at mange geitemødrer har sannsynlegvis mista kjea sine på denne måten.
– Vi er kjende med at sjuke, skadde eller hjelpelause kje, som ikkje hadde overlevd utan hjelp, har blitt tatt vare på og blant anna fått veterinærhjelp. Mattilsynet har informert dyreeigar om at berre kje som står i fare for å lide skal bli tatt hand om. Dette er å overhalde hjelpeplikta etter dyrevelferdslova, og kjea får ein sjanse til å overleve, seier Bøe.
Svartedal i NIBIO seier det same.
– Vi har sett jurbetennelse på fleire geiter, og mange er så avmagra og svake at det ser ut til at dei ikkje har overskot til å ta vare på kjea. Fleire geiter har vist ein apatisk haldning overfor kjea sine. Vi ser spor etter mykje liding, seier ho.
Sandal hevdar jur-problema kjem av mjølkespreng, som følge av at nyfødde kje som skulle ha mjølka er tekne vekk.
– Eg tenker dette er den mest groteske handlinga som Mattilsynet har sett i sving på veldig lenge, der geitene har gått og lidd med mjølkespreng i fleire veker for så å bli avliva, seier Sandal.
Svartedal avviser at dette har noko som helst med mjølkespreng å gjere.
– Dette gjentar Sandal heile tida. Eg sikker på at han har mykje kunnskap når det kjem til mjølkegeiter, men desse geitene har levd under så spesielle forhold at ikkje all hans kompetanse er relevant. Dyra han er vande med er godt fora og friske, og det er klart dei får mjølkespreng om dei ikkje blir mjølka. Men geitene på Kvist er svake og underernærte, og mange har knapt mjølk, seier Svartedal.
Populære videoer