Herold

No skal fylkespolitikarane meine noko om bompengeopplegget pÄ E39!

Plus
Kilde: Lyngdals Avis Author: Kristin Ljosland Published: 2026-04-23 10:46:16
No skal fylkespolitikarane meine noko om bompengeopplegget pÄ E39!

I morgon fredag 24. april skal fylkesutvalet seie kva me meiner om bompengeopplegget pÄ E39. Eg og Senterpartiet er heilt tydelege: det er urimeleg at fylkeskommunen skal garantere for lÄneopptaket for ein statleg veg, sidevegsbom er urimeleg Ä etablere ovanfor innbyggarane vÄre, lÄgare takstar vil auke trafikkmengda og takstane mÄ vere vedvarande lÄge, ikkje berre lÄge i ein prÞveperiode.

E39 er ein statleg hovudveg, vedteken og prioritert av Stortinget. Likevel sit Agder fylkeskommune med garantiansvar for milliardlÄn knytt til utbygginga. Det er urimeleg. Dette er ei problemstilling Senterpartiet har Ätvara mot i lang tid. Geir Pollestad tok tidleg kampen mot at fylke og lokalsamfunn skal bere Þkonomisk risiko for statlege vegprosjekt. Prinsippet er enkelt: NÄr vegen er statleg, mÄ ogsÄ ansvaret vere statleg.

NĂ„r fylkeskommunen mĂ„ stille garantiar, gĂ„r det utover viktige oppgĂ„ver som vidaregĂ„ande opplĂŠring, kollektivtilbod og tannhelse. Dette er ikkje berekraftig. Difor er det viktig at me politikarar ber om eit revidert bompengeopplegg for E39 Kristiansand vest- Lyngdal vest, med mĂ„l om lĂ„gare takstar og redusert risiko, utan sidevegsbom! Å greie ut forlenga innkrevjingstid, passeringstak og auke statlege lĂžyvingar er derimot nĂždvendige grep for Ă„ redusere belastninga for bĂ„de fylkeskommunen og for trafikantane.

Men viktigast av alt: Staten mÄ ta over garantiansvaret for gjelda i prosjektet. Det er urimeleg at fylkeskommunen skal fungere som Þkonomisk buffer for ei statleg vegstrekning.

Dette vonar eg alle politiske parti vil arbeide for, og eg er glad for at Raudt, AP og FrP stĂžtta Senterpartiet i 2020, dĂ„ vi fekk fleirtal for Ă„ flytte 154 milliardar i bompengelĂ„n, som ulike fylkeskommunar hadde garantert for. Eg vonar dei same partia vil stĂžtte SP i slike tiltak ogsĂ„ framover – statleg veg, statleg ansvar!

Senterpartiet ventar at regjeringa fĂžlgjer opp, og at reduserte takstar kjem raskt – allereie i arbeidet med revidert nasjonalbudsjett for 2026. No er det pĂ„ tide at staten tek ansvar for sine eigne vegar.

Kristin Ljosland

Gruppeleiar og fylkesleiar

Agder Senterparti

Kjelde: «Staten overtar garantiansvaret for bompengelÄn pÄ riksveier»,

https://www.nrk.no/rogaland/staten-overtar-garantiansvaret-for-bompengelan-pa-riksveier-1.15189758, 06.10.2020

đŸ·ïž Extracted Entities (10)

E39 Kristiansand (organization) Senterpartiet (entity) AP (entity) Agder (entity) FrP (entity) Geir Pollestad (person) Lyngdal (place) Raudt (entity) SP (entity) Stortinget (entity)