Herold

Likskap for lova på Bømoen?

Plus
Kilde: Hordaland Author: Odd Bakketun Published: 2025-12-02 12:06:00
Likskap for lova på Bømoen?

Kommentar til Eikefjord sitt innlegg i avisa 28.11.

Er det nokon stad lova ikkje er lik for alle, så er det på Bømoen, Bjarne. Det kjem eg tilbake til.

Permanent lagring av stein- og jordmassar er generelt søknadspliktig. For mellomlagring av massar, som er verdifulle ressursar for gjenbruk, er krava annleis. Her kan omfang, tidsperiode og kvalitet verta vurdert m.o.t. søknadsplikt.

Skal lova vere lik for Jørgen Hattemakar og Kong Salomo?

Mellombels masselagring er gjerne ein nødvendig aktivitet hjå entreprenørar. Også nyare asfalt vert gjenbrukt i dag m.a. på støls- og bygdavegar, og må følgeleg også mellomlagrast både før og etter oppkutting.

Entreprenørar som gjer dette er gjerne oppegåande folk som mellomlagrar verdifulle massar oppå grunnen, å grava dei ned ville vera for dumt. Mange skjønar dette.

Så til lova og likskapen på Bømoen.

I vest på Bømoen har entreprenørar lager og mellombels massedeponi på eigen grunn. Heradet inkl. byggsaksavdelinga har synfart dette og ikkje funne noko å merka.

I aust har VFSK utvikla seg på annanmanns grunn i mange år, utan å søkja løyve for dei dokumenterte søknadspliktige tiltaka deira som: solcelleanlegg, leikeplass, skatebane, plattingar/terasser, brakker, badstover, parkeringsplassar/terrengendring og klatretårn. (Tårnet er berre mellombels godkjent til 2019).

Og ei lita sak til: I andre enden av flystripa har drivstoffleverandøren også denne sesongen fylt drivstoff frå 2015-anlegget, frå eit anlegg der det framleis manglar søknad/godkjent løyve til tiltak, og der det såleis heller ikkje eksisterer formell tiltakshavar etter plan og bygningslova. I tillegg tok det drivstoffseljaren 10 år å melda tankanlegget inn til DSB, då etter beskjed frå flyplassjefen.

Byggesaksavdelinga i heradet opplyser at dei no sjekkar heile Bømoen vedk. søknader og godkjenningar. Kanskje kan det dukka opp endå fleire «hattemakarar» med «ureining i posen»? Spennande vert det.

Så, på Bømoen hjelper det ikkje med Nelson-auga, her må ein vera blind om ein ikkje oppdagar kven som ser lett på at lover skal vera like for alle.

At det er ulovlege campingvognplasseringer og spikartelt ellers i landet har vel lite relevans her, Bjarne, sjølv om det kan seia mykje om ein del Caravan-folk.

At flystripa kanskje burde gravast oppatt, var sjølvsagt meint som ein spøk frå mi side.

Etter nærmare sjekk ser eg likevel at gamal asfalt med steinulltjøre lagt oppå drikkevassreservoar på ingen måte hadde vore tillatt i dag.

Ja, du har rett i ein ting, Bjarne. Flystripa blei først asfaltert i -85, ikkje i -86 slik eg feilaktig hevda.

Eg gjev meg med skrivinga om denne saka her, det er greit for meg om eg berre får det nest siste ordet.

Detektivarbeidet på Bømoen

Her nyttar dei det gamle drivstoffanlegget på Bømoen

Klage førte fram – mellombels drivstoffanlegg har fått grønt ljos til 2027