Herold

Opnar restauranttilbod for alle

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Mona Grønningen Published: 2026-04-23 12:32:29
Opnar restauranttilbod for alle

Frå 2. mai vil restauranten på Avlsgarden til Baroniet Rosendal ha middagstilbod for alle, ikkje berre tilreisande gjester.

Det melder Anna Lena Flatland, direktør ved baroniet, i ei pressemelding.

«Baroniet Rosendal har no vorte ein del av De Historiske, eit nettverk av nokre av dei mest særeigne historiske overnattings- og serveringsstadene i Noreg. Dette markerer eit viktig steg i vidareutviklinga av tilbodet ved Baroniet, og opnar dørene for eit breiare publikum. Som ein del av satsinga vil Baroniet Rosendal no starta opp med middagstilbod i restauranten på Avlsgarden, ikkje berre for tilreisande gjester, men òg for kvinnheringane og andre besøkande som ønskjer ei god matoppleving i historiske omgjevnader» står det i pressmeldinga.

Frå 2. mai vil restauranten servera ein sett trerettars middag kvar fredag og laurdag kveld. Frå og med 22. juni vert det dagleg ope tilbod. Menyane er basert på sesongens råvarer frå kjøken- og urtehagen i Rosendal Hage, står det vidare, og at baroniet vil samarbeida med lokale produsentar som leverer kortreiste råvarer og produkt.

«Med dette ønskjer Baroniet Rosendal å styrkja rolla si som ein levande møteplass i regionen, der kultur, historie og matopplevingar går hand i hand» avsluttar direktøren pressemeldinga.

🏷️ Extracted Entities (4)

Anna Lena Flatland (person) Avlsgarden (entity) Baroniet Rosendal (person) Rosendal Hage (person)