Kvinnherad får fleire hundre tusen kroner til ein meir praktisk skulekvardag
Plus
– For dei yngste elevane er leik heilt avgjerande. Denne satsinga gjer oss i stand til å styrka læringa utan å pressa barna inn i for mykje stillesitting for tidleg.
Det seier varaordførar Thea Vaage (Ap) i ei pressemelding om nyhendet, signert partifelle og stortingsrepresentant Linda Monsen Merkesdal.
Måndag delte regjeringa ut 191 millionar kroner i tilskot til kommunar landet over – midlar som skal nyttast til innkjøp av meir praktisk utstyr i skulen. Målet er å fremja meir leik, rørsle og aktiv læring i skulekvardagen.
Medan tilskotsordninga dei to føregåande åra berre gjaldt for 5.–10. trinn, er den i år utvida til også å gjelda 1.–4. trinn. Løyvinga er dessutan auka med 31 millionar kroner, melder regjeringa på nettsida si.
Av den totale potten går 452.230 kroner til Kvinnherad kommune.
«Dette er eit svært viktig steg i riktig retning. Barn lærer best når dei får bruka kroppen, leika, utforska og oppleva meistring. At fleire av dei minste elevane no får ein meir praktisk og leikbasert skulekvardag, er heilt avgjerande for læring, trivsel og utvikling», seier Monsen Merkesdal i pressemeldinga.
Smartembed for https://www.kvinnheringen.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=526180
Vidare påpeikar ho at kommunane, i tillegg til tilskotsordninga, kan investera i ein meir praktisk skule gjennom regjeringa si rentekompensasjonsordning. Denne opnar for oppgradering av blant anna verkstadar, skulekjøken, kunst- og handverkssaler og uteområde, og har i år ei investeringsramme på tre milliardar kroner.
«Desse midlane gir oss eit stort løft i arbeidet med å gjera skulen meir variert og inkluderande. Vi får betre moglegheiter til å skapa ein skulekvardag der fleire elevar opplever meistring», seier Monsen Merkesdal.
Denne skulen har mista helseverngodkjenninga si