Herold

Ønskebarn nummer tre?

Plus
Kilde: Firda Author: Trude Brosvik, Styremedlem i Vestland KrF Published: 2026-04-23 07:00:10
Ønskebarn nummer tre?

Takk til Firda som sett søkelys på Fødselstalsutvalet sin rapport, og grunnar for at mange par ikkje får meir enn maks to born.

Same dagen hadde Fylkesstyret i Vestland KrF møte, der vi vedtok følgjande uttale:

«Vestland KrF: Barnefødslar, kvinnehelse og familiepolitikk heng nøye saman!

Vestland KrF krev at barnefødslar og kvinnehelse får større merksemd. Det er ei stor utfordring for samfunnet at det blir mange eldre og færre yngre framover.

Skal vi lukkast, må gravide og nybakte foreldre få betre oppfølging. Jordmødrer, fastlegar, helsesjukepleiarar og spesialisthelsetenesta må samarbeide tett, slik at gravide opplever tryggleik og føreseielege tenester i svangerskapet, under fødselen og i tida etterpå.

Dei første dagane etter fødsel er sårbare for mor, far og barn. Difor må kommunen planleggja fleire heimebesøk i barseltida. Lengda på opphaldet på fødeavdelinga må ta omsyn til situasjonen og helsa til kvar fødande. Førebygging er viktigare enn reparasjon, og i eit kvinnehelse-perspektiv er god barselstid viktig for god helse også seinare i livet.

Det må leggast til rette for at fleire vel å bli foreldre tidlegare enn i dag. Det handlar om økonomi, bustadar og utdanning. For enkelte er det eit stort økonomisk sprang frå to til tre born. Ein treng kanskje både større bil og større hus. Men det handlar også om haldningar i samfunnet og hos den enkelte.

Ifølge Fødselstalutvalet (09.02.26) er det færre par i Norge som får meir enn to born. Trenden er at folk etablerer seg seinare og ventar med å få barn. Samla fruktbarheitstal var 1,98 barn pr. kvinne i 2009, og i 2023 var talet 1,4. gjennomsnittsalderen for førstegongsfødande i 2024 var 30,4 år.

KrF vil støtte tiltak som aukar tal barnefødslar, og som styrker familiane.»

Vi trur dei som Firda intervjua har heilt rett i at det er eit stort økonomisk løft frå barn to til tre, både med bil og bustad. KrF har fleire framlegg i programmet sitt, og prioriterer generelt familiepolitikk svært høgt.

Dexter og Jakob er begge nummer tre i søskenflokken. Dei vert det færre og færre av

🏷️ Extracted Entities (3)

Fylkesstyret i Vestland KrF (organization) Fødselstalsutvalet (entity) Jakob (entity)