Herold

Ytterlegare kutt vil rasere folkebiblioteka i Sunnfjord

Plus
Kilde: Firda Author: Astrid Sundset Moe, Leiar i NBF avd Vestland og innbyggar i Sunnfjord kommune, FĂžrde Published: 2026-04-23 07:17:37
Ytterlegare kutt vil rasere folkebiblioteka i Sunnfjord

For tredje gang sidan 2020 skal planlegg Sunnfjord kommune kutt i bibliotektenesta. Trass kutt i to tidlegare rundar, gÄr besÞkstala opp pÄ biblioteka i kommunen. No skal ei bibliotekteneste som allereie er kutta til beinet, finne rom for nok eit kutt. Dette vil gÄ utover brukarane av folkebiblioteket. Norsk bibliotekforeining avd. Vestland vil advare mot konsekvensane av desse forslaga til kutta.

Det er lagt fram to alternativ. Det fÞrste er kutt i stillingsressurs. Det andre er forslag om Ä legge ned fem av seks bibliotekfilialar. Det eine er pest, medan det andre er kolera. Uansett kutt vil det gÄ utover tilbodet til spesielt barn og unge, men ogsÄ alle andre brukarar av folkebiblioteket. Innbyggarane i Sunnfjord vil sitte igjen med eit langt dÄrlegare bibliotektilbod trass iherdig innsats frÄ bibliotekarane.

Eit moderne folkebibliotek er ein arena for samtale og debatt, for aktiv formidling av kunnskap, litteratur og kultur. Det er ein trygg mĂžteplass med rom for deltaking, og ein stad der vi kan dyrke vĂ„re interesser og mĂžte menneske – kjente som ukjente. I ei tid der kjeldekritikk blir stadig viktigare, lesekometansen og leseglede er pĂ„ eit botnnivĂ„ og digitaliseringa bidreg til utanforskap, er biblioteket viktigare enn nokon gong. For Ă„ drive eit moderne folkebibliotek treng biblioteket ressursar, tid og kompetanse.

Det kjem til eit knekkpunkt, der fĂŠrre personalressursar ikkje kan bli kompensert pĂ„ anna mĂ„te enn at det gĂ„r ut over tilbodet til innbyggarane. Folkebibliotek i Noreg jobbar gjerne prosjektbasert. NĂ„r det ikkje lenger er overskot til Ă„ planlegge, hente finansiering, organisere, gjennomfĂžre og rapportere pĂ„ tiltak, vil det fĂžre til mindre aktivitet. Utan aktivitet, blir filialane dyre boklager. Å kutte fem av seks bibliotek er dramatisk, med tanke pĂ„ at nĂŠrleiken til bibliotektenester ogsĂ„ er viktig for bruk.

Vi kan sikkert alle relatere oss til politikarane sitt Ăžnskje om Ă„ fĂ„ i pose og sekk. Men la deg ikkje lure: I staden for Ă„ ei framtidsretta bibliotekteneste, vil kuttforslaga i praksis rasere bibliotektilbodet – anten kjapt, ved nedlegging av filialar eller sakte, ved tap av kompetanse og ressursar. Politikarane tok eit val i 2025 om Ă„ behalde dagens bibliotekstruktur, no mĂ„ dei ta konsekvensen av det valet og ikkje rasere bibliotektenesta med Ă„ kutte ytterlegare. Det er innbyggarane i Sunnfjord desse kutta vil ramme.

Kutt i biblioteket gjer Sunnfjord mindre attraktiv

– Dette vil pĂ„verke nĂŠrmiljĂža pĂ„ ein vanvitig mĂ„te

– Vi er heilt fortvilte

đŸ·ïž Extracted Entities (2)

Sunnfjord (place) Noreg (entity)