80 år med å setje barn først – no treng Redd Barna i Florø fleire trygge vaksne
Plus
Barn i Florø treng ikkje store heltar, men fleire heilt vanlege vaksne som bryr seg. Det er dette vi i Redd Barna jobbar for, kvar dag.
I år fyller Redd Barna 80 år. I åtti år har organisasjonen kjempa for barns rettar – i krig og kriser internasjonalt, men òg her heime i Noreg. I Florø gjer vi dette gjennom noko så enkelt, men samstundes så viktig, som leik, aktivitet og fellesskap for barn som bur på asylmottak.
Den globale situasjonen for barn har sjeldan vore meir alvorleg. Over 520 millionar barn lever i konfliktområde verda over, og barns rettar blir brotne kvar einaste dag. Midt i dette store biletet kan det kjennast som om det vesle vi gjer lokalt, ikkje betyr så mykje. Men det gjer det!
For eit barn på asylmottak i Florø kan ein trygg vaksen, ein fotball, eit brettspel eller eit teikneark vere nok til å skape meistring, latter og kjensle av å høyre til. Små augeblinkar – som når eit barn spør: «Kjem de neste gong òg?» – er nettopp derfor vi held på.
No treng vi fleire frivillige som vil vere med på laget og gjere ein skilnad lokalt. Mange trur frivillig arbeid er tidkrevjande eller krev spesielle ferdigheiter. Hos oss stemmer ikkje det. Aktivitetane varer rundt to timar. Du treng ingen spesielle ferdigheiter, du vel sjølv kor ofte du kan bidra, og du står aldri åleine. Vi planlegg i lag, og du blir ein del av eit trygt, lite fellesskap. Er du student, ny i Florø, jobbar med barn til dagleg – eller har litt ekstra tid og engasjement? Då kan du vere grunnen til at eit barn kjenner seg litt tryggare denne våren.
Redd Barnavart stifta i 1946, i eit Europa merkt av krig, fordi barn leid. Åtti år seinare er behovet framleis stort – både globalt og lokalt. Historia vår viser at endring skjer når menneske bryr seg og stiller opp. No håpar vi at fleire i Florø vil gjere nettopp det.
Vil du vite meir eller melde di interesse? Meld deg på her: https://www.reddbarna.no/bli-frivillig/sted/floro/ eller ta kontakt for ein uforpliktande prat.