Herold

Vatn, varme og rørsle for helse og trivsel

Plus
Kilde: Firda Author: Ingar Breilid, Frivillig badevakt ved Førde Terapibasseng, Førde Published: 2026-04-23 08:49:52
Vatn, varme og rørsle for helse og trivsel

Aktivitetstilbodet ved Førde Terapibasseng er prega av vårt kjennemerke:

Vatn, varme og rørsle for helse og trivsel.

Bassenget er veleigna til symjeopplæring, trening og fysisk aktivitet som helseførebygging. Bassenget er opent på dag/ettermiddag/kveldstid heile året.

På dei 20 åra bassenget har vore i drift er tilbodet godt nytta av publikum generelt, vaksne, småbarn, babysymjing og ulike grupper i Sunnfjord kommune.

Barn frå barnehagane i kommunen har til no utgjort ei stor brukargruppe. Høgt kvalifiserte instruktørar legg til rette for vatn-tilvenning og symjeopplæring. Frå inneverande år er tilbodet til målgruppa no sett på spel på grunn av manglande løyvingar av offentlege midlar.

Styret i stiftinga arbeider iherdig for å sjå etter aktuelle finansielle løysingar og treng nye og fleire støttespelarar.

Stiftinga Førde Terapibasseng er ei frivillig stifting som er eigar og drivar av bassenget.

Terapibassenget vart opna i 2005 og bygd med innsamla midlar.

Føremålet for terapibassenget frå start var: «Gje innbyggarar i kommunen tilbod om trening i varmt vatn som kan virke sjukdomsførebyggande og helsefremjande».

I dag ser vi på terapibassenget som ein viktig folkehelseaktør og ein god sosial- og trivselsarena for både brukarar og frivillig personell med:

helsetilbod for alle,

høveleg fysisk aktivitet og avspenning,

symjeopplæring barn og vaksne,

rehabilitering, opptrening i eit trygt og roleg miljø og

eit viktig tilbod til brukarar med rehabiliterings- og treningsbehov

Basis for drifta er 74 frivillige som utgjer vakt-personellet ved bassenget, bade- og resepsjonsvakter og utgjer ein årleg frivillig innsats med om lag 3,3 årsverk.

Bassenget har dagleg leiar i 50 % stilling.

Tilbodet omfattar to ekstra oppvarma (34 grader) basseng, eit hovudbasseng og eit mindre, barnebasseng, boblebad og badstove*.*

Førde Terapibasseng med stiftingsstyre, dagleg leiar og frivillige medarbeidarar, har eit flott anlegg å tilby og vi ønskjer fleire brukargrupper inn til oss.

fa

🏷️ Extracted Entities (2)

Førde Terapibasseng (person) Sunnfjord (place)