Herold

Bakom Buzz på turné til Florø og Måløy

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Svend Arne Vee Published: 2026-04-23 09:49:00
Bakom Buzz på turné til Florø og Måløy

Unge filmskaparar og spelutviklarar i Nordfjord og Sunnfjord får besøk av kreativt team frå Bergen denne veka.

Prosjektet Bakom Buzz legg ut på turné til vidaregåande skular i Vestland for å inspirere ungdom til å satse på film, spel og animasjon. Måløy og Florø er blant stoppa på den omfattande rundreisa som startar torsdag.

Bakom Buzz er eit nytt tilbod til unge mellom 16 og 22 år i Vestland fylke. Målet er å gje ungdom verktøya dei treng for å uttrykkje seg kreativt gjennom digitale medium.

– Vi vil kartleggje kvar det skal haldast verkstader innan film og spel til sommaren og hausten, seier prosjektkoordinator Malin H. Sunde.

Turnéen startar onsdag med avreise frå Bergen og besøker Sandane, Stryn, Nordfjordeid, Måløy og Florø før det heile kulminerer med ein stand på UKM Fylkesfestival på Førde VGS laurdag.

Teamet tek med seg utstyr for å vise fram kortfilmar og spel laga ved Bakom Filmveksthus i Bergen. Dei som besøker standane kan også få eit profesjonelt bilete av seg sjølve.

Turneteamet består av skuespelaren Isabel Furhovde og praktikantane Hilde Svanholm og Bogdan Karelin, som begge jobbar som filmfotografar.

🏷️ Extracted Entities (17)

Florø (entity) Prosjektet Bakom Buzz (person) Måløy (place) Bergen (entity) Vestland (place) Bakom Filmveksthus (person) Bogdan Karelin (person) Førde VGS (organization) Hilde Svanholm (person) Isabel Furhovde (person) Malin H. Sunde (person) Nordfjord (place) Nordfjordeid (entity) Sandane (entity) Stryn (entity) Sunnfjord (place) UKM Fylkesfestival (organization)