Herold

Vil utvikle Florø kulturhus – ber om innspel

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Arne Hjorth Johansen Published: 2026-04-23 12:48:36
Vil utvikle Florø kulturhus – ber om innspel

Kinn kommune vil vidareutvikle Florø kulturhus, og inviterer no lag, organisasjonar og aktørar til å kome med innspel.

Som ein del av arbeidet er det sendt ut ei spørjeundersøking, med svarfrist 20. mai.

Kulturhuset har i mange år vore ein sentral møteplass i byen, både for kultur, arrangement og offentlege funksjonar. No ønskjer kommunen å sjå på korleis bygget kan utviklast vidare.

– Vi ønskjer å skape eit levande, ope og attraktivt kulturbygg med plass til fleire aktivitetar og brukargrupper, og med betre samspel mellom funksjonane i huset, skriv kommunen på sine heimesider.

Målet er at kulturhuset i større grad skal invitere til aktivitet, møte, skaparglede, læring og opplevingar – for alle aldersgrupper.

Vil ha breie innspel

Kommunen ønskjer svar både frå dei som brukar huset i dag, og frå potensielle framtidige brukarar.

– Vi er like opptekne av kva kulturhuset kan bli, som av korleis det fungerer i dag, heiter det.

I undersøkinga blir det mellom anna spurt om behov, ønskte aktivitetar, rom og kvalitetar, og korleis kulturhuset kan leggje til rette for meir samarbeid og nye møteplassar.

Viktig for vidare arbeid

Innspela frå undersøkinga skal danne grunnlag for det vidare arbeidet med utviklinga av kulturhuset.

Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med arkitektane Ann-Kristin Strømmen frå Salt Arkitekter og Tore Hillestad frå Xform.

– Vi håpar så mange som mogleg tek seg tid til å svare, slik at vi får eit godt og breitt kunnskapsgrunnlag, seier dei.

🏷️ Extracted Entities (5)

Florø (entity) Ann-Kristin Strømmen (organization) Salt Arkitekter (person) Tore Hillestad (person) Xform (entity)