Herold

Flyrutene i Sør-Norge lyst ut på anbod

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Linda Regina Bruvik Published: 2026-04-23 14:13:42
Flyrutene i Sør-Norge lyst ut på anbod

Dei såkalla FOT-rutene; statsfinansierte, regionale flyruter, er no lyst ut på anbod.

Samferdselsdepartementet lyste torsdag ut ny konkurranse om drift av regionale flyruter i Sør-Noreg. Tilbodsfristen er 23. juni 2026.

– Dei regionale flyrutene er avgjerande for å sikre god transport for folk og næringsliv i distrikta, og speler ei viktig rolle for å styrke økonomien og konkurransekrafta i desse områda. No lyser vi ut ny konkurranse om drift av dei regionale flyrutene i Sør-Noreg for å sikre eit godt tilbod vidare, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Alle ruteområda i Sør-Noreg i inneverande avtalar vert vidareført som FOT-ruter i denne utlysinga.

Aukar prisane

– Regjeringa prioriterer å vidareføre gjeldande flytilbod på FOT-rutene i Sør-Noreg inn i neste kontraktsperiode. Dette er ei god nyheit for reisande ved dei regionale lufthamnene på Vestlandet og på Røros, meiner Nygård.

Det er for tida sterk prisauke på blant anna flydrivstoffkostnader for operatørane. For å unngå at utgiftene til FOT-ruter stig ytterlegare, vil regjeringa vidareføre låge flyprisar i Sør-Noreg, men med ein oppjustering av maksimaltakstane på 20 prosent, i tillegg til indeksjustering.

Løyvinga til flyrutekjøp auka betydeleg frå 962 millionar kroner i 2023 til 2,5 milliardar kroner i 2026. Maksimaltakstane på alle FOT-rutene blei halvert før oppstart av gjeldande kontraktar 1. april 2024, og dette er ei viktig årsak til aukinga.

Endringar for Florø

Reduserer tilboda

Tidskrav som tilretteleggar for dagsreiser frå Oslo og Bergen til lufthamner på Vestlandet og Røros vil ikkje bli vidareført som FOT-krav i neste kontraktsperiode.

Med bakgrunn i nye prognosar for etterspurnad vert også det samla kravet til setekapasitet redusert frå 1. november 2027 på rutene i Sør-Norge.

– FOT-krava vert nøye vurdert mellom kontraktrulleringane. Tilbodet til dei reisande skal vere godt og føreseieleg. Samtidig skal våre krav til tilbodet vere tilpassa endringar i etterspurnad og vegast opp mot andre omsyn som statens utgifter. Dei endringane vi no gjer i FOT-krava må sjåast i samanheng med dette, seier Nygård.

Desse rutene er lagt ut på anbod:

Førde – Oslo*(55.900 seter per år i kvar retning)* Florø–Oslo*(31.600 seter per år i kvar retning, nedgang frå 46.000)*

Stord–Oslo Ørsta-Volda–Oslo Røros–Oslo Sogndal–Oslo Sandane–Oslo Ørsta-Volda–Bergen Sogndal–Bergen Sandane–Bergen

🏷️ Extracted Entities (9)

FOT (entity) Sør-Noreg (entity) Sør-Norge (entity) Jon-Ivar Nygård (organization) Røros (entity) Vestlandet (entity) Bergen (entity) Oslo (place) Stord–Oslo Ørsta-Volda–Oslo Røros–Oslo Sogndal–Oslo Sandane–Oslo Ørsta-Volda–Bergen Sogndal–Bergen Sandane–Bergen (organization)