Vil ha høgare aldersgrense på sosiale medium: – Håpar det blir som røykelova
Plus
Ikkje alt på nettet er meint for unge, meiner barne- og familieministeren. Regjeringa sine planar om å heva aldersgrensa på sosiale medium var tema då ho besøkte Alver.
I kjellaren på Meland sjukeheim har Arbeidarpartiet samlafleire organisasjonar for å høyra meir om sosiale medium og born. Regjeringa har foreslått at aldersgrensa på sosiale medium skal auka frå 13 år til 15 år.
– Det er for all del mykje som er bra med sosiale medium, men det er ikkje alt der ute som er meint for unge.
Barne- og familieminister Lene Vågslid seier at når borna har vore ute av huse, spør foreldra som regel kor dei har vore, kven dei har vore saman med, kva dei har gjort. Men på sosiale medium, har ikkje foreldre like stor kontroll over kva borna held på med.
– Foreldra prøver så godt dei kan å få regulert sosiale medium og internettbruken. Dei vil ha oss politikarane på banen for å laga ei lov som vil gjera dette enklare.
Fleirtal i Stortinget
Vågslid fortel at nesten alle partia på Stortinget er positive til å endra lova, og er glad for at dei har fleirtal.
Ho peiker på fleire aspekt med sosiale medium som påverkar borna.
Blant anna vil uendelege timar med scrolling vera avhengigheitsskapande, og påverka søvn, konsentrasjon og læring. For mange som allereie har ein tøff skulekvardag, med trakassering og mobbing, kjem sosiale medium på toppen.
– Sjølvsagt skal me ikkje ta vekk alt av sosiale medium for barn. Men me skuldar barn ein trygg og god oppvekst der dei kan få kunnskap om korleis sosiale medium fungerer. Om lova vert til, håpar eg at det blir som med røykelova; ein før- og ettertid.
Kjenner seg igjen
Dei lova vil råka har òg teke turen til Frekhaug. John Andreas Idsø Thorsheim (14) og Elise Knudsen Håvik (17) frå Ungdomsrådet i Alver har reflektert over det ministeren har sagt.
– Min fyrste tanke var at aldersgrensa kanskje var litt høg, men når eg har høyrt på alt ho har sagt, og forstått meir kva dette handlar om, er eg einig, seier Knudsen Håvik.
Ho seier ho kjenner seg igjen i utfordringane Vågslid har snakka om, og fortel at ho sjølv har sett konsekvensane med at unge er på sosiale medium.
– Eg er einig i det dei seier. Eg synest det er bra dei setter fokus på dette, seier Idsø Thorsheim.
Begge trur at om aldersgrensa blir vedteke, vil det først koma protestar frå dei unge. Men etter kvart trur dei at det vil ha positive verknader.
Vil heva aldersgrensa på sosiale medium