Slik er søkartala til universitet og høgskular i 2026
Over 150.000 personar har i år søkt om studieplass i høgare utdanning via Samordna opptak i år.
– Eg visste jo at eg ville jobbe i barnehage. Det er den beste jobben.
Det seier Odd Hugo Bulling. Han studerer til å bli barnehagelærar på Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning i Trondheim.
Barnehagelærarutdanninga har hatt seks år med samanhengande nedgang. Men i år er det ein oppgang på 2,65 prosent.
– 2210 personar har barnehagelærarutdanninga som førsteval i år. Det er veldig positivt at søkartalet no aukar litt og ikkje fortset nedover, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.
Dette er dei mest populære studiane
Disse utdanningane har flest førstevalssøkarar:
- Rettsvitskap, Universitetet i Oslo – 2372 førstevalssøkarar
- Rettsvitskap, Universitetet i Bergen – 2245 førstevalssøkarar
- Siviløkonom, Noregs handelshøgskole (NHH) – 1994 førstevalssøkarar
- Psykologi, Universitetet i Agder – 1451 førstevalssøkarar
- HR-leiing (deltid), Nord universitet – 1407 førstevalssøkarar
- Industriell økonomi og teknologileiing, NTNU – 1283 førstevalssøkarar
- Sjukepleie, Oslo Met – 1219 førstevalssøkarar
- Psykologi, Universitetet i Oslo – 1204 førstevalssøkarar
- Økonomi og administrasjon, Oslo Met – 1204 førstevalssøkarar
- Økonomi og administrasjon, NTNU – 1165 førstevalssøkarar
I Trondheim er ikkje Bulling i tvil om kvifor barnehagelærar er rett yrke for han.
– Eg får gjere litt som eg vil kvar dag og viss eg har ein idé så får eg med meg barna på det. Eg liker musikk og får spele gitar kvar dag, til dømes, seier Bulling.
– Og så får eg høyre frå barna kvar dag at eg er ein superhelt, den smartaste, sterkaste, tøffaste og kulaste, legg han smilande til.
Rekordmange søkarar til høgare utdanning
– Eg er veldig glad for at vi har mange søkjarar til høgare utdanning, for Noreg har store kompetansebehov i årene som kjem, seier Aasland.
Totalt har 150.856 søkt om studieplass i høgare utdanning i år. Det er 9000 fleire enn i fjor.
Trass sterk vekst i talet søkarar, er det langt frå så mange som vil møte til studiestart. Så mange som seks av ti søkarar kan «forsvinne» på vegen.
– Når studieåret er i gang til hausten, vil tala gå ned frå rundt 150.000 til 60–70.000. Det er den store endringa som skjer. Det er ikkje alle som har søkt no som faktisk har tenkt å begynne på eit studium.
Det seier direktør Sveinung Skule i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Søkartal 2026
150.856 personar har søkt opptak til universitet og høgskular gjennom Samordna opptak.
Det er lyst ut 65.573 studieplassar fordelt på 1 395 studium.
I 2026 har 92.741 kvinner og 58.115 menn søkt opptak til grunnstudium, med ein kvinnedel på 61,5 % og ein mannsandel på 38,5 %.
Søkartala viser ikkje kor mange av søkarane som er kvalifiserte til studiane de søker seg til. Dette blir klart i slutten av juli når hovudopptaket er gjennomført.
Gjennomsnittsalderen er på 24,6 år til heiltidsstudium.
Gjennomsnittsalder for deltid er 33,7 år, og 32,4 år for nett- og samlingsbaserte studium. For stadbaserte utdanningar er snittalderen 23,9 år.
Helsefag er det klart største utdanningsområdet, med ein oppgang på rundt tusen søkarar frå i fjor.
I 2025 begynte rekordmange på ei sjukepleiarutdanning, men søknaden har gått noko ned i år.
– Vi forventa at søkinga ville gå litt ned i år, etter den veldige veksten i fjor. Eg er veldig glad for at mange søker seg til eit svært viktig yrke, og at søkinga ser ut til å ha stabilisert seg på eit høgt nivå, seier Aasland.
Sigrun Aasland, forskings- og høgare utdanningsminister.
– Noreg treng fleire med høgare utdanningskompetanse, og dagens søkartal viser at mange ønsker å bidra til samfunnet.
Det seier leiar i Norsk studentorganisasjon, Sigve Næss Røtvold.
– Søkartala viser igjen at studentar tenker på jobbmoglegheiter når de vel utdanning.
Meiner søkartala til barnehagelærar framleis er kritisk låge
I år er det ein oppgang på 2,6 prosent for alle typar lærarutdanningar samla og nesten 7800 har ei lærarutdanning som sitt førsteval i år.
Søkinga til grunnskuleutdanningane steig kraftig i fjor og søkinga er omtrent lik i år.
Etter sju år med nedgang har søkinga til lektorutdanninga auka med over 10 prosent i år.
Trass i auka til barnehageutdanninga, meiner Utdanningsforbundet at søkartala framleis er kritisk låge.
– Ein bitte liten oppgang endrar ikkje det store bilete, seier leiar i Utdanningsforbundet Geir Røsvoll.
Auka på 2,65 % tilsvarar 57 fleire førstevalssøkarar enn i fjor.
Utdanningsforbundet trur forklaringa er at barnehagelæraryrket blir oppfatta som svært krevjande på grunn av bemanningssituasjonen i barnehagane, og at løna er for dårleg.
Det er barnehagelærarstudenten i Trondheim, einig i.
– Kvart år får me fleire arbeidsoppgåver, mindre tid og mindre budsjett. Og sånn har det vore. Det er litt hardare å jobbe i barnehage i dag enn det var for 10–15 år sidan, seier Bulling.
Odd Hugo Bulling håper stolane bak han i kantina på barnehagelærarutdanninga blir fylte opp til hausten.
Stabil søknad til teknologistudium
– Eg trur det berre kjem til å bli meir som skal utviklast og meir som skal bli digitalisert. Og då treng ein fleire folk innan teknologi.
Det seier Mads Bårnes. Han går fjerde året på informatikk på NTNU, og skal snart ut i jobb med ei spesialisering innan informasjonssystem.
– Det er jo berre å hoppe på og lære seg å bruke KI, for vi treng menneske i loopen, seier han.
Mads Bårnes seier han kan bli ein betre og meir effektiv utviklar viss han bruker KI på ein god måte.
I fjor gjekk talet som hadde ei IKT-utdanning som sitt førsteval ned med 22 prosent.
På NTNU går søkertala litt ned i år også, og dei trur det skuldast meir og betre kunstig intelligens.
Nasjonalt er årets søkartal til IKT er om lag som i fjor og har stabilisert seg på rundt 5500 søkarar.
Fem nyheitspoeng frå Samordna opptak 2026
- Kvanteteknologi-boom: Sjølv om tradisjonell IT fell med 2,5 % nasjonalt, eksploderer interessa for kvanteteknologi. Det nye sivilingeniørstudiet ved UiB har 3,7 søkarar per plass, medan UiO og NTNU melder om liknande trendar.
- NHH sprengjer grenser: Økonomistudiet (BØA) ved NHH er landets tredje mest populære med 1 944 søkarar. Poengkravet er no historiske 59,9 poeng for BØA og ekstreme 63,5 poeng for teknologistudiet BEDS.
- Vestland mot straumen: Nasjonalt fell søkinga til grunnskulelærar med 1,2 %, men HVL aukar med heile 12,7 %. Høgskulen opplever også vekst i ingeniørfag, stikk i strid med den nasjonale trenden.
- Realfag fell, bioingeniør vinn: Realfag (-2 %) og teknologi (-5 %) går ned på landsbasis. Eit viktig unntak er bioingeniør, der HVL har ein auke på nesten 13 %.
- Yrkesfag-rekord: Heile 60,5 % av ungdommen i Vestland vel no yrkesfag på Vg1. Elektro og datateknologi aukar mest, medan studiespesialisering merkar den største nedgangen.
– Eg er ikkje redd for at KI skal ta over jobben min. Eg vil lære meg å bruke KI på ein veldig god måte sånn at eg kan bli ein betre utviklar, seier Bårnes om utviklinga.
Det er eit nytt studium, ansvarleg digitalisering, ved Universitetet i Agder, som trekk opp søkartala.