Herold

Norsk milliardærfrue har lukkast med å klone favoritthesten

Kilde: NRK Author: Maren Kvamme Hagen Published: 2026-04-23 09:09:09 Last updated: 2026-04-23 13:10:54
Norsk milliardærfrue har lukkast med å klone favoritthesten

­

I fjor følgde NRK Kristin G. Andresen til den amerikanske kloneklinikken Viagen. Andresen, som er gift med milliardæren Johan H. Andresen jr., hadde bestilt fleire klonar av favoritthesten Donkey Boy.

No er ein klon fødd i USA, opplyser Andresen til NRK. Etter lang ventetid fekk ho nyleg tilsendt eit foto frå selskapet Viagen, som viste at klonen hadde reist seg og byrja å drikke morsmjølk.

– Eg blei så glad då eg såg at klonen var velskapt og likna på Donkey Boy. Eg kan ikkje vente med å få møtt han, seier Andresen.

Og ho har namnet klart:

– Han skal heite Donkey Double.

Fleire klonar på gang?

På spørsmål om det er fleire klonar på veg, viser Andresen til at klinikken nemnde at «hopper» i fleirtal var fødeklare. Ho veit ikkje sjølv kor mange det er snakk om.

– Her er det jo berre å krysse fingrane og alt ein har. Og håpe at det kan bli ein eller to til, for det hadde eg syntest var veldig morosamt.

Etter besøket i USA bestilte Andresen ei pulje til med embryoinnsetjingar.

Klinikken Viagen stadfestar overfor NRK at dette er den første Donkey Boy-klonen, men at dei håpar på fleire.

Då NRK besøkte klinikken i fjor, var tre hopper drektige med Donkey Boy-klonar. Andresen fekk møte ei av dei.

Viagen-sjef Blake Russell opplyser at denne hoppa mista følet undervegs, og at klonen som no er fødd, kjem frå ei anna hoppe.

Han uttalte til NRK i fjor at han ikkje kunne garantere at alle klonane blei bore fram, og at dei mistar litt fleire enn ved vanleg drektigheit.

Sannsynlegvis den første – men ingen veit heilt

Sjølv om kloning er forbode i Noreg, kan nordmenn fritt reise til utlandet og klone dyra sine.

Etter det NRK kjenner til, er Andresen den første nordmannen som får klona ein hest. Men det er ingen måte å vite det sikkert på, sidan ein ikkje er pliktig til å registrere ein klon ved innførsel til Noreg.

Sjølv er ho ikkje så opptatt av å vere den første.

– Eg er mest opptatt av at det kjem ein klon som er frisk og heil.

Kloning av dyr

Kloning betyr å lage ein genetisk kopi av eit individ.

Klonane har blitt til ved at egg er henta ut av hopper, tømt for DNA og fylt med Donkey Boy sitt DNA, før embryoa har blitt sett inn i surrogathopper som ber klonane fram i elleve månader.

Dei har, i motsetnad til ein vanleg hest med to foreldre, berre med seg genane til eitt dyr - Donkey Boy.

Fleire bekymrar seg for artsmangfald og dyrevelferd knytt til kloning.

Kloning er forbode i Noreg, men det finst ikkje noko forbod mot å bestille klonar i utlandet og ta dei med inn i landet.

Då NRK omtalte kloninga av Donkey Boy i fjor, uttalte Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum at ein bør vurdere importforbod mot klonar, dersom omfanget breier om seg.

Kristin G. Andresen er ikkje bekymra for eit importforbod. Ho viser til at World Breeding Federation for Sport Horses har opna for at avlsforbund kan registrere klonar hos dei.

– Du kan konkurrere med klonar i mange utstillingar og konkurransar. Klonane blir vurdert individuelt, og er dei gode nok, får dei starte. Så dette viser berre at norske politikarar ikkje er oppdatert på kva som skjer i verda.

Ho planlegg å besøke klonen snart, og så er planen å bringe han heim til Noreg neste år, der han får møte den originale Donkey Boy.

Les heile saka om kloninga av Donkey Boy:

🏷️ Extracted Entities (13)

Donkey Boy (person) NRK Kristin G. Andresen (organization) Noreg (entity) Viagen (entity) Donkey Double (person) Dyrevelferd 📁 (category) Kloning 📁 (category) DNA (entity) USA (entity) Blake Russell (person) Då NRK omtalte kloninga av Donkey Boy i fjor (organization) Johan H. Andresen (person) Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum (organization)

📊 Metadata

Category: Kloning, Dyrevelferd