Herold

Badminton-talent frå Stanghelle teken ut til EM-samling

Kilde: Vaksdalposten Author: Kent Amundsen Published: 2026-04-22 15:45:00
Badminton-talent frå Stanghelle teken ut til EM-samling

Leo-Zacharias Christianson og Mathilde Hesjedal frå Stanghelle IL spelte nyleg mot noregseliten under junior-NM i Sandefjord. No skal Leo-Zacharias kjempa om ein plass i Europameisterskapet.

Deltakarane frå Vaksdal kommune var to av totalt 230 spelarar som deltok i meisterskapen i Sandefjord. Over 600 kampar vart spelte i løpet av helga. Begge utøvarane frå Stanghelle IL rykka opp til U15-klassen før denne sesongen, noko som førte til tøff motstand frå eldre spelarar.

Seks sigrar på ein dag

Leo-Zacharias leverte sterke prestasjonar allereie frå start på fredagen. Etter ei nervøs opning i singel, snudde 14-åringen kampen og vann dei to neste setta. Totalt sikra han seg seks sigrar denne dagen, fordelt på fire i singel og to i doble. Leo-Zacharias vann puljen si i doble saman med makkeren frå Bergen Badmintonklubb.

- Me er stolte av å kunne stille i eit junior-NM og representera ein liten breiddeklubb som Stanghelle IL, seier mora til Mathilde, Rebekka Hesjedal, på vegner av dei to utøvarane.

Kjempa mot toppspelarar

Mathilde spelte doble saman med ein ukjend makker frå Trøndelag. Duoen vann den fyrste kampen, men møtte seinare spelarar rangert blant dei fem beste i Noreg. Her vart det tap, og paret enda på tiandeplass. I singel spelte Mathilde seg vidare frå gruppespelet etter to gode kampar.

Laurdagen starta med offisiell opning, innmarsj og nasjonalsong. I single vann Mathilde første kamp, før ho møtte ein topprangert spelar i 16.-delsfinalen. Trass eit sterkt første sett, enda kampen med tap. Ho enda på ein 17. plass av totalt 60 deltakarar.

To niandeplassar til Stanghelle

I doble spelte Leo-Zacharias og makkeren seg til åttandedelsfinalen. Der møtte dei eit sterkt par frå Grong som vart for tøffe. I singel møtte Leo-Zacharias spelaren som er rangert som nummer sju i Noreg. Resultatet vart ein niandeplass i begge klassane. Leo-Zacharias er no rangert som den femte beste spelaren i Noreg fødd i 2012.

- Me tar med oss erfaringane frå kampane og kva me må øva meir på på treningane framover, seier utøvarane frå Stanghelle.

Skal kjempa om EM-plass

Resultata og den høge rangeringa har no ført til at Leo-Zacharias er teken ut til EM-samling i Oslo i mai. 15 gutar og 15 jenter skal kjempa om totalt 12 plassar til Europameisterskapet, som i år blir arrangert på Sotra i oktober.

- Berre å vera blant dei få som blir tekne ut til EM-samling er stort, og spesielt for ein spelar frå ein mikroklubb som Stanghelle IL Badminton. No skal teknikk og taktikk finpussast fram mot samling, seier pappa til Leo-Zacharias og trenar, Christian Haugen.

Bidrar til lokalmiljøet

Sjølv om dei kjempar mot profesjonelle klubbar med store ressursar, framhevar spelarane det positive miljøet i Stanghelle IL. Dei fungerer no som trenarar for ein gjeng som deltar på «miniton» ein dag i veka.

- Me må takka klubben som bidreg til at spelarane kan utvikla seg, og stilla på store arrangement som dette, seier Rebekka Hesjedal.

🏷️ Extracted Entities (16)

Stanghelle IL Badminton (organization) Leo-Zacharia (entity) Mathilde Hesjedal (person) Noreg (entity) Europameisterskapet (entity) Rebekka Hesjedal (person) Sandefjord (place) Bergen Badmintonklubb (person) Christian Haugen (person) Christianson (entity) Grong (entity) Oslo (place) Sotra (entity) Trøndelag (entity) U15 (entity) Vaksdal (place)