Herold

Meir hærverk på skulebygget

Plus
Kilde: NH Author: Vegard Flatøy Published: 2025-12-02 12:13:46
Meir hærverk på skulebygget

I går vart det oppdaga ni knuste ruter på gamle Alversund skule. Det er ikkje første gong bygget vert utsett for hærverk.

– Det har nok skjedd i løpet av helga, seier politioverbetjent, Kurt Inge Hordvik.

Han fortel vidare at nokon også har teke seg inn i bygget, men at det skal ikkje vere skadar på innsida.

– Vi veit ikkje kven som har gjort det, men om nokon har sett eller høyrt noko er vi interessert i tips.

Kommunen har no sett plater framfor dei knuste vindauga.

Etter at elevane flytta frå gamle Alversund skule i 2021, har bygget husa mellom anna øvande korps, kunstutstillingar og handarbeidssamlingar.

Etter dette har det vore fleire tilfelle av hærverk. For to år sidan vart fleire ruter knust, medan dører og vegger vart øydelagde på innsida.