Herold

Skremmande og utagerande oppførsel: –Synte fingeren då han vart snakka til

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Eli Grotle Published: 2026-04-23 05:31:46
Skremmande og utagerande oppførsel: –Synte fingeren då han vart snakka til

Hendinga skjedde på Pyramiden kjøpesenter onsdag kveld.

– Mannen i 20- åra sparka til blomsterkasser og skilt og framstod som skremmande overfor born og ungdomar som var i nærleiken, seier Dan Erik Johannessen, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Han fortel vidare at vaksne freista å ta kontakt med mannen for å snakka han til rette.

– Då synte han fingeren, seier Johannessen.

Politiet rykte ut med ein patrulje til staden, men då var vedkomande vekk.

– Identiteten var kjent så politiet reiste heim til han og tok ein alvorsprat. Det var ikkje snakk om rus.

Det har også vore kontakt med dei som melde frå.

– Dei kan levera politimelding på saka dersom dei ønskjer det, seier Johannessen.

Elles har det vore ei roleg natt i Sogn.

🏷️ Extracted Entities (4)

Dan Erik Johannessen (person) Pyramiden (entity) Sogn (entity) Vest (entity)