Stadnamn som vert borte
Plus
Rundt om i nærmiljøa våre og i heile Noreg har det vore tett med stadnamn gjennom tidene. Alt areal rundt oss som vart brukt og sett av menneske, hadde eit namn.
Namna var ein språkleg nøyaktig skildring av topografi, korleis terrenget var og kva det vart brukt til. Av og til namnet på den som eigde/ brukte det. Dette var heilt naudsynt før ein hadde hjelpemiddel som GPS og mobiltelefonar. Folk gjekk til fots eller brukte båt for å kome seg frå ein stad til ein annan, og utmark og fjell vart brukt mellom anna til beite for dyr. For å vite kvar ein skulle gå, og for at andre skulle vite kvar ein var, var ein avhengig av stadnamna.
Mange av stadnamna vert lite brukte no, og mange er ute av bruk og gløymde fordi vi ikkje har bruk for dei. I Norane har vi ein over fem kilometer lang dal som går frå fjord til fjell, og som har vore ein ferdselsveg gjennom uminnelege tider som er i ferd med å miste namnet sitt.
FARDAL
«Dahl hvorigjennom det går ferdsel» (Oluf Rygh, Norske gaardnavne 1919)
Det er fleire «Fardalar» i Noreg, alle har vore og er ferdselsvegar. Gjennom vår dal, er det kort veg til Systrond og Sogndalsdalen, med fint terreng også om ein hadde med husdyr. Før det vart vegar langsmed fjorden, var dette ein god og mykje brukt ferdselsveg. Bønder frakta husdyr med båt til Fardalsstoi, og gjekk til fots vidare gjennom Fardalen til Sogndalsdalen eller Systrond. Det er ein eldgamal ferdselsveg med ei like gamal historie. Her er det snakk om den gjennomgåande dalen, ikkje garden Fardal eller garden Øvstedal.
... Dei kunne driva heim Reppalid, upp Drivdal og yver Lerheimsfjellet anten ned Fardalen til Norane eller ned Njøsadalen til Systrond. (Heimbygdi vår Sogndal 1933)
Dalen er nemnd i skriftlege kjelder heilt tilbake til 1401, då det gjekk føre seg ein handel i Vivelstad i Fardalen i Sogn. (Heimbygdi vår Sogndal VI) Det har tidlegare vore to store gardar i dalen, Fardal og Øvstedal. Begge gardane er delte i mange bruk i dag. Garden Fardal har fått namnet sitt etter dalen og ferdselsvegen Fardal, og vart truleg fyrst busett. Garden Fardal, slik vi kjenner grensene i dag, rekk frå fjorden til Vatlestad.
«Øvstedalen allmenning omfattar gardane frå Vatlestad og framover» (Sogndal bygdebok 2025 )
Utgangspunktet for den tidlegare storgarden Øvstedal, er i Øvretun-Midttun. Dei ligg på kvar si side av det som i dag er Midttunsgjelet, med Midttunsgrova mellom. Det er rimeleg å tenkje at dette er den øvste dalen, Øvstedal, som garden fekk namn etter. Når ein dal heiter Øvstedal, viser det språkleg til at der er ein «nedstedal», altså er det snakk om to ulike dalar.
«Kva er bakgrunnen for namnet Øvstedal?»
Fordi den ligg over/ høgre opp enn ein annan dal. (Sogndal bygdebok 2025) Det står ikkje meir i bygdaboki om denne dalen Øvstedal, som ligg over/ høgre opp enn ein annan dal. Men det er ikkje så mange dalar å velje mellom. Det er ikkje så lett å sjå når ein køyrer bygdevegen gjennom dalen at dette er to ulike dalar. Men når ein i dag kan køyre bilvegen til kraftstasjonen på Hagafjellet, ser ein at det gåt ein brei og fin dal mellom Sipingane og Øvretun.
Den vert i dag kalla Midttunsgjelet, og kryssar dalen Fardal. Nedste delen av dalen, under bygdevegen og mot elva, er ikkje så lett å få auge på i dag, pga. at grova er oppmura, og det er dyrka flatt inntil. Øvstedal er ein kryssande dal til den gjennomgåande Fardalen, som har vore hovuddalen, nedstedalen.
Dalen Fardal er i ferd med å miste namnet sitt.
I Sogndal Bygdebok 2025, brukar dei begge namna om eittanna. I innleiinga på boka, står det; «Norum sokn er samansett av gardane på nordsida av Norafjorden, rekna frå Fiksdal i vest til Bondeviki eller Stedjeberget i aust, dessutan dalen som strekkjer seg nordvestover, kalla Øvstedalen. (Sogndal bygdebok 2025)
På neste side står det: «Men frå sjøen og framover i i nordvestleg retning stekker det seg eit fem kilometer langt dalføre, Fardalen, som går til den øvste garden i Mannsverk/ Raunehaug. (Sogndal bygdebok 2025)
Heile dalen vert no ofte kalla «Øvstedalen». (Sogndal bygdebok 2025)
Ja, mange kallar dalen, inkludert Øyragrendi, Øvstedalen i dag, men det vert ikkje meir rett for det. Dette har skjedd meir og meir dei siste par tiåra. Men dalen har ikkje skifta namn!
I 1930 heldt Jens J Ølmheim eit føredrag på Helgheim folkehøgskule om heimbygda Norum. I innleiinga til Sogndal Bygdebok 2025, gardar og folk i Norum sokn, er siste setninga i dette føredraget gjeve att. Men han skreiv mykje meir om bygda, om det han opplevde når han vandra rundt, og om historiske hendingar.
Det er interessant at han brukar heilt gjennomført namnet Fardalen eller Fardalsdalen om dalen. I denne tida var Fardalen tydelegvis brukt som namn på dalen.
Når det i Sogndal bygdebok 2025 står at «Elva frå Øvstedalen endar i den godt synlege fossen.» vert dette heilt feil. Elva kjem ikkje frå Øvstedal, Fardalselvi renn gjennom Fardalen. På s 205 står det «Der Øvstedalen munnar ut i fjorden ….» (Sogndal bygdebok2025)
Nei, Øvstedalen munnar ikkje ut i fjorden, Fardalen munnar ut i fjorden ved Fardalsståi.
Dette er eit døme på stadnamn som vert borte, men eit nokså viktig døme, fordi det er ein lang dal med ei lang historie. Mange kjem sikkert til å halde fram med å kalle dalen «Øvstedalen», og det som er skrive i den nye bygdeboka er ikkje råd å gjere noko med. Men det er viktig for framtida at rett namn vert registrert på kart og offentlege dokument.