Fleire søkarar til lærarutdanningane
Plus
Søkartalet til grunnskulelærarstudia går opp i år, viser tal frå Samordna opptak. Elles ligg to av utdanningane i Sogndal på ti på topp-lista i Høgskulen på Vestlandet.
– Me ser at opprettinga av nye fleksible studium er svært viktig for å halda oppe rekrutteringa. På dette viset når me ut til søkarar i ulike livssituasjonar, og frå eit større geografisk omland.
Det seier Vegard Fusche Moe, dekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, i ei pressemelding.
Grunnskulelærarutdanningane er sentrale studium i Sogndal, og avgjerande for rekrutteringa til skular i regionen. Rekrutteringa både lokalt og nasjonalt har vore utfordrande i mange år, men det nye nett- og samlingsbaserte tilbodet innan grunnskulelærar 1.-7 trinn. gjer at det no er til saman 47 søkarar som ønsker seg inn på denne utdanninga.
Slit i heile landet
Grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. trinn har ein liten oppgang, med 18 søkarar i år samanlikna med 14 i fjor. I år blir det både heiltidsutdanning og deltidsutdanning på barnehagelærar i Sogndal. Tala frå Samordna opptak viser at deltidsutdanninga har 24 førstevalssøkarar, medan heiltidsutdanninga har 20 førstevalssøkarar.
– Over heile landet slit utdanningane med å fylla studieplassane sine innan barnehage, og det er urovekkjande. Me jobbar kontinuerleg med å sjå korleis me kan rekruttera fleire til dette viktige yrket, seier Moe.
I fjor tok HVL grep for å gjera denne utdanninga attraktiv for fleire ved å kombinera studium med jobb i barnehage ein dag i veka. Dette inneber at studentane har garanti om betalt deltidsjobb ein dag i veka mens dei studerer.
– Dette er eit lovande partnarskapsprosjekt om rekruttering mellom kompetanseregionen Sogn og høgskulen, som det blir spennande å følgjae framover, seier Moe.
Dei mest populære faga
HVL skriv i pressemeldinga at nokre studium i Sogndal ligg ekstra høgt når det gjeld tal førstevalssøkarar. Det eine er bachelor i eigedomsmekling, økonomi og jus, som har 191 førstevalssøkarar til 45 planlagde plassar. Det er dermed det åttande mest søkte studiet ved høgskulen.
Nytt av året er at årsstudium i engelsk også kjem med på lista, som den tiande mest søkte utdanninga med 183 førstevalssøkarar til 50 plassar. Dette er eit nettbasert studium. Andre nettstudium som også trekker svært mange søkarar er historie, sosiologi og samfunnsfag.
Som tidlegare år er vernepleie også ei av dei mest populære utdanningane i Sogndal. Særleg gjeld dette deltidsutdanninga, som har 115 førstevalssøkarar til 30 studieplassar. Heiltidsutdanninga har 39 søkarar til 30 plassar. Barnevern får litt betre søknad i år enn året før, mens sosialt arbeid går litt ned, men ligg an til å fylla plassane, opplyser HVL.
Friluftsliv
HVL tilbyr fleire idretts- og friluftslivsutdanningar i Sogndal, og dei ser samla sett ei stabil rekruttering i høve til fjoråret.
For naturfag og bachelor i økonomi og administrasjon ser HVL at søknaden held seg jamt. For reiseliv, marknadsføring og leiing er det tidlegare blitt gjort grep, og no merkar høgskulen ein positiv trend både i fjor og i år. Begge åra har dei hatt 37 søkarar til 25 plassar.
Styrkjer forskinga i det framtidige universitetet
Vil styrkja lærarar i barnehage og skule: – Me har jobba med å vera framme i skoen