Ønsker velkommen til konsert i Atrå
Plus
Det blir felekonsert i Atrå Kyrkje på fredag 14. april, der Ottar Kaasa og Laura Ellestad setter hverandre i stevne i konsert.
De siste hundre årene har menighetsrådet i Atrå åpnet dørene for folkemusikk i kirkerommet. Så det er ingen nyhet, men det er likevel en begivenhet at to så profilerte musikere holder konsert i Tinn. Ottar Kåsa har blant annet vunnet Landskappleiken på hardingfele hele fire ganger. Her legger vi ut pressemeldinga fra arrangøren Tinn Menighetsråd.
Konserten vart til i samband med Telemarkfestivalen 2025, og her fekk publikum oppleve eit spennande møte mellom Ottar Kåsa og Laura Ellestad. I denne konserten vert det ikkje berre eit møte mellom to framifrå hardingfeleutøvarar og formidlarar – det vil òg vere eit møte mellom den norske og den amerikanske hardingfeletradisjonen.
I 2025 har det vore eit nasjonalt emigrasjonsjubileum som markerte at det er 200 år sidan første båt med norske emigrantar sette kurs mot Amerika.
Emigrantane tok med seg si norske kulturarv på reisa – og hardingfela vart sjølvsagt med. I denne konserten vil Kåsa og Ellestad utforske den rike tradisjonen av slåttemusikk både i Noreg og Amerika med eit spesielt fokus på det norske spelet som blei brakt til Amerika av utvandrarar og korlei spelet har utvikla seg vidare «over dammen».
Ottar Kåsa er ein norsk hardingfelespelar og prisbelønt felemakar frå Arabygdi i Vinje kommune. Han er utdanna felemakar frå Ole Bull-akademiet på Voss. Musikkutdanning har han frå Folkekulturstudiet på Rauland.
Laura Ellestad kjem opphavleg frå Canada, men har røter frå Ellestad i Valdres. Laura Ellestad er hardingfelespelar og forskar, og ho underviser i folkemusikk på USN. No er ho òg den første folkemusikaren som har disputert for doktorgrad ved Noregs musikkhøgskule.
Arrangør er Tinn Menighetsråd.