Trippelt varsel: Solbriller på, fyrstikker i lomma og pollen i lufta
Plus
Stavanger får sol og 12 grader. Men når våren lokkar som mest, åtvarar meteorologane mot lokal gras- og lyngbrannfare.
Etter fleire dagar på rad med grå og tåkete start på dagen, er det andre bollar torsdag: Himmelen er knallblå frå første stund, og termometeret skal visstnok klatre mot 12 gradar.
Men før ein let seg rive heilt med av solskinet og tanken på friluftsaktivitetar, kjem den obligatoriske påminninga frå vêrmeldarane.
Alexander og Espen er glade for å ha møteplassen tilbake: – Folk er flinke til å bruke dette
Nå er han Viking-historiens største seiersgarantist
Meteorologane har nemleg sendt ut eit farevarsel om lokal gras- og lyngbrannfare:
– Store område kan bli berørt. Ikkje bruk open eld, opplyser Yr.no.
Dette gjeld heilt fram til søndag, så kaffibålet i skog og mark må nok vente på tryggare tider, og fyrstikkene bør ikkje ut av lomma.
For pollenallergikarar kan det vere lurt å hugse allergimedisinen. I Rogaland er det nemleg moderat spreiing av bjørkepollen og ei beskjeden spreiing av salixpollen, ifølge allergivarselet til Astma- og allergiforbundet.
Stavangervær
Kø og forseinkingar der du skal køyre?
Smartembed for https://www.ba.no/api/graff/v1/component/trafikk-tabell?key=bergen
Direktebilde frå veg:
Smartembed for https://www.sandnesposten.no/api/graff/v1/component/trafikk-webkamera
Flytrafikken i dag:
Slik går flytrafikken fra Stavanger lufthavn, Sola
Video-reel