Herold

Bente (45) har funne seg godt til rette i storstova: – Tenkte at dette var noko eg kunne lika

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2026-04-22 22:05:00
Bente (45) har funne seg godt til rette i storstova: – Tenkte at dette var noko eg kunne lika

Bente Haveland trivest godt i jobben som kommunen sin arenavert.

På tampen av fjoråret gjekk Kvinnherad kommune ut og jakta ein person med eit brennande hjarte for kultur og aktivitet. Ei positiv og inkluderande sjel som kunne bli kommunen sin arenavert.

Det fann dei i Bente Haveland, som fekk tilbodet om stillinga og takka ja. No, snart tre månadar seinare, har den tidlegare toppfotballspelaren frå Uskedalen funne seg godt til rette i kommunen si storstove.

– Eg tenkte med det same eg såg denne stillinga at det såg ut som noko eg kunne lika. Det å få vera med å påverka er givande. I tillegg er det ei veldig allsidig stilling. Eg tenkjer at vegen blir litt til etter kvart som vi går, og no i starten har det handla mest om å få oversikt over det meste, seier Bente.

– Mykje bra folk

Kvinnheringen møter den smilande dama på kontoret hennar, i hjørnet av storstova, med flott utsikt over nye Husnes barneskule.

– Eg har funne meg godt til rette og trivst veldig godt. Eg er blitt godt tatt imot, har fått god oppfølging frå Daidalos og Kristine, som er dei eg jobbar tettast med. Og så har eg fått møta mange fine folk. Det er mykje bra folk i denne kommunen, og det er mange som gjer mykje bra for frivilligheita, seier 45-åringen.

I jobben skal Bente blant anna sjå på planlegging og gjennomføring av dei ulike aktivitetane i arenaen, halda kontakt med brukarane av storstova, bygga aktivitet gjennom kultur, idrett og møte, og vera med på å vidareutvikla aktivitetar. Ja, på sett og vis vera storstova sitt ansikt ut mot frivilligheita i kommunen.

– Det handlar mykje om samarbeid og lagbygging. Å leggja til rette for aktivitet og visa dei unike fasilitetane vi har her. Eg har tru på at ein kan få gjort mykje gjennom godt samarbeid og god kommunikasjon, fortel Haveland og held fram:

– Kvinnherad arena er jo heilt fantastisk. Så må vi sjå heilskapen i det heile og prøva å leggja til rette for mest mogleg aktivitet her, men samtidig også jobba for å skapa møteplassar.

Samarbeid

Når det kjem til dette med lagbygging og samarbeid er det noko den smilande 45-åringen frå Uskedalen, men som no bur i Omvikdalen, har god kjennskap til gjennom eit innhaldsrikt liv på fotballbanen.

Bente kan nemleg sjå tilbake på ein imponerande karriere, kor ho i fleire år banka inn mål på bestilling på øvste nivå for Arna-Bjørnar.

– Eg har nok gitt meg som fotballspelar, men ein skal aldri seia aldri. I dag trivst eg veldig godt i rolla som trenar for Rosendal Turnlag, og får litt av den same given i den rolla som eg gjorde på banen. Det å vera trenar er kjempegøy, og eg kan absolutt anbefala alle å prøva det ut. Det gjeld det meste innan frivilligheit. Ein har ingenting å tapa på å gje det ein sjanse, seier ho.

Haveland tok med seg mann og tre døtrer og flytta heim til Kvinnherad for snart to år sidan. Ho hadde då jobba 20 år som pedagogisk leiar i ein barnehage.

– Det likte eg veldig godt, men eg kjenner at det også er godt å koma ut og møta folk på ein annan måte, som eg får lov til her. Eg har også jobba halvtanna år i bu og habilitering her i Kvinnherad, kor eg også fekk sjå verdien av Kvinnherad arena, som vart nytta mykje, fortel Haveland.

Møteplass

Ho meiner at det nesten ikkje finst grenser for kva arenaen kan brukast til.

– Det er god aktivitet her kvar dag, og det er mange som har fått auga opp for at arenaen kan brukast til andre ting enn berre aktivitet. Både som møtelokale og som sosial møteplass, seier ho og held fram:

– Vi ser på fleire moglegheiter framover. Vi ønskjer å tilby aktivitetar til ei større gruppe, men òg å gjera arenaen til ein større møteplass for fleire. Ein plass ein kan setja seg ned etter ein tur eller berre møtast for ein prat. Det er ting vi jobbar med, men vi tar det litt gradvis. Det er spennande å jobba med.

🏷️ Extracted Entities (9)

Bente Haveland (person) Kvinnherad (entity) Uskedalen (entity) Arna-Bjørnar (entity) Daidalos (entity) Husnes (place) Kristine (entity) Omvikdalen (entity) Rosendal Turnlag (person)