Nynorsk litteraturpris til Leander Djønne
Plus
Leander Djønne får Nynorsk litteraturpris 2025 for boka Alt et.
Prisen er på 50 000 kroner og vert delt ut ved opninga av landsmøtet i Noregs Mållag fredag 24. april på Gardermoen.
– Å lese årets vinnarroman er som å sjå ei ulukke utspele seg line for line på papiret. Det er ikkje mogeleg å ta augo vekk eller late dei att, skriv juryen i grunngjevinga.
Nynorsk litteraturpris har vorte delt ut sidan 1982, og det er Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget som står bak prisen.
Juryen har vore Magne Julin Vik-Mo, Siri Løkholm Ramberg og Elisabeth Jensen Lombnæs.
Djønne har frå før vunne fleire prisar for dei to bøkene sine, debutboka Oskespiralen fra 2022 og Alt et som kom ut i fjor. I fjor fekk han Brageprisen for Alt et.
Grunngjevinga frå juryen: