Herold

– Turistane gjer frå seg i buskene

Kilde: GD Author: Knut Storvik Published: 2026-04-23 01:00:00
– Turistane gjer frå seg i buskene

Mangel på toalett i fjellet gjer at turistar gjer frå seg i buskene. No krev fleire at det blir gjort noko.

– Det luftar skit langs vegen og turistane gjer frå seg i buskene. Så ille er det, og problemet er aukande. Noko må bli gjort, seier Bernt Jo Vole.

Turistverten ved Gjende ser fram til ein ny turistsesong, men han ser ikkje fram til at turistar tek seg til rette og gjer frå seg i busker.

– Flott at folk bruker fjellet altså, men det er fleire parkeringsplassar her som er problematiske. Vi har sett bubilar som tømmer tanken sin rett ut i elva, seier Vole.

Ser ofte toalettpapir

I tillegg er det fleire stader i Sjodalen i Jotunheimen der han ser både avføring og toalettpapir.

– Det er fleire plassar folk kan gå på do på i området, men når det gjeld parkeringsplassane manglar det eit sanitærtilbod. Vi må fortelje turistane kor dei kan gå på do, eller legge betre til rette i nærleiken av parkeringsplassane. Kanskje mellombelse doar er ei god løysing, seier Vole.

Turistverten er vant til at mange kjem til området for å gå i fjella og spesielt Besseggen.

– Vi høyrer oftare at folk reagerer på at det er ekkelt fleire stader.

Han er ikkje heilt tilhengar av å sette opp «No camping-skilt», men doar på parkeringsplassane har han trua på.

– Dei må haldast ved like og vere reine. Her må vi få til ei god løysing som fungerer, seier Vole.

Ny rockefestival på fjellet

Etterlysar fleire doar

Ein av stadene som det er størst utfordring på er parkeringsplassen ved Russtangen.

Med si fine plassering ved ei elv og på ei rettstrekkje langs vegen er det eit ynda stoppestad.

Da GD er på fjellet denne veka har det svenske paret Victor Sæv (40) og Linnea Back (33) parkert med bilen sin på Russtangen.

– Dette var et veldig fint stoppestad – spesielt for oss som skal gå Veotindane, seier Linnea.

Dei samlar på 2000-meterstoppar i Jotunheimen og er godt kjent i området – både på godt og vondt.

– Det er altfor få doar langs vegen i fjellet, seier Back.

– Synd det er slik

Dei har sjølv løyst problemet med å ha eigen do inne i bilen.

– Vi ser mykje dopapir og anna rart i buskene rundt omkring. Det er ikkje heilt bra og ser stygt ut.

Dei meiner at det ikkje er mykje som skal til – ein utedo hadde gjort nytta mange plassar.

– Men det er jo også fint om ein får lagt inn vatn og dusj også. Det nye anlegget på turisthytta Turtagrø er heilt supert.

Dei tykkjer Jotunheimen er eit veldig fint område og dei bruker det ofte.

– Det er fint både til å gå på ski og klatre. Vi bruker fjellet her mykje.

– Ser ut til å bli verre

Vågå kommune er fullt klar over utfordringane med manglande sanitærtilbod i fjellet.

– Det ser ut til å bli verre, og det er eit klart behov for å sette inn tiltak. Men samtidig er dette noko kommunen ikkje kan løyse heilt sjølv, seier ordførar i Vågå, Harald Sve Bjørndal.

Det har vore planar om å ruste opp rasteplassen ved Russtangen, men det vart ikkje noko av sidan sanitæranlegg ikkje var med i planane.

Per dags dato er det ikkje noko nye planar om å sjå på det.

– Det vil krevje ein del ressursar, og det er ikkje høgt nok på prioriteringslista vår enda, seier Sve Bjørndal.

Det er fleire stader i fjellheimen som tilbyr løysingar for å tømme tankane og toalettløysingar.

– At turistane nyttar desse er nok det beste i dag. Ei løysing kan vere å få betre skiliting til kor desse plassane finst, seier Sve Bjørndal.

🏷️ Extracted Entities (13)

Bernt Jo Vole (person) Harald Sve Bjørndal (person) Jotunheimen (entity) Linnea Back (person) Russtangen (entity) Besseggen (entity) Gjende (entity) No camping\-skilt (entity) Sjodalen (entity) Turtagrø (entity) Veotindane (entity) Victor Sæv (person) Vågå (entity)