Vi må tørre
Når Golden Gate bridge vart bygd i 1933 var San Fransisco Bay Area ein region med 600 000 innbyggarar og folk flest hadde ikkje bil.
Vi kan ikkje vedlikehalde oss inn i framtida
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
Marin County som ligg på nordsida av brua var lite utbygd og hadde særs avgrensa vegnett, mellom anna med grusvegar.
Likevel vart den bygd, midt under den store økonomiske depresjonen. Med 6 filer for køyretøy, samt gang- og sykkelveg. Ei slutning det er vanskeleg å fatte. I dag står ho der, som eit av dei store underverka i nyare tid og knyt verdas mest suksessrike region saman.
Når Bergensbana vart påbegynt i 1894 kosta ho eit heilt statsbudsjett. Noreg var eit fattig land og ingen viste korleis bana skulle byggast. Liknande prosjekt hadde ikkje vore gjennomført i Noreg før. Ingeniørar sa det ikkje var mogleg. Politikarar meinte det var for dyrt. I 117 år har bana knytt aust og vest saman, og står historisk som eit av Noregs mest suksessfulle prosjekt.
Ingen av desse prosjekta skjedde utan motstand. Stor motstand.
Heldigvis vann dei visjonære fram. Dei som ville noko. Dei som hadde trua på framtida. Politikarar, næringsliv og leiarar. Johannes Brun, Hans Jørgen Koch, Joseph Strauss.
Ingen hugsar dei som var imot. Dei er ute av historia.
Verda står ikkje stille
Ein kan analysere alle prosjekt så lenge ein ynskjer. Og ein kan argumentere for og mot det meste. Men det ein ikkje kan argumentere mot, er at verda går framover.
Møre og Romsdal har over tid vore den regionen i Noreg som eksporterer mest per innbyggjar. Dei siste åra har vi auka forspranget. Skal Noreg nå sine mål, må Møre og Romsdal lukkast. Situasjonen her, har nasjonal betydning.
Heldigvis har vi mange føresetnader for å lukkast; Eit sterkt akademisk miljø, eit verdsleiande næringsliv, tilgang på kapital, høg tillit og ein skaparkultur resten av landet miskunnar oss.
Dessverre, er ikkje det å ha noko, det same som å behalde det. Det ein oppnådde i går, har truleg nokon andre forbetra i dag.
Framover vil vi få mangel på vår viktigaste ressurs – folk. Fram til 2040 skal befolkninga auke med 6 518 personar, tilsynelatande positivt. I same periode aukar talet personar over 80 år med 10 850. Det er alarmerande. Allereie frå 2027 er vi fleire over 67 enn under 19 år. Alle som bryr seg om regionen vår bør lese fylkesstatistikken med lupe.
Dette betyr at vi er avhengige av tilflytting. Vi er avhengige av effektivisering. Vi er avhengige av å vere betre enn andre, meir attraktive enn andre. Ikkje berre nasjonalt, også internasjonalt.
Difor må vi tørre, vi må ville, vi må utvikle. Slik næringslivet her i regionen gjer kvar dag.
Effektane av å bygge ut infrastruktur er alltid større enn ein klarar å føresjå. Ringverknadane, veksten, dei positive samfunnsendringane. I snitt blir bompengeprosjekt nedbetalt 2 år før planen jf. Vegvesenet sine eigne tal. Vi veit ikkje kva resultatet av Møreaksen blir. Det gjer ingen. Men vi veit at det vil gi store positive ringverknader for regionen vår.
Vi fortener betre
Det heiter seg at ein får dei politikarane ein fortener. Eg meiner det ikkje alltid treff i vår region. Vi fortener betre. Vi fortener politikarar som vil noko. Som har ein visjon. Som set ei retning.
I dag fargast omtrent heile diskusjonen kring fylkets viktigaste prosjekt av negativ retorikk og skremselsbilete frå einskilde politikarar. Det er støy som tek merksemda bort frå det som er viktig; Kva vil vi med regionen vår? Vil vi utvikle regionen vår vidare? Eller er vi nøgde med å stå stille medan resten av verda reiser vidare?
Å argumentere mot utbygging av Møreaksen på bakgrunn av vedlikehald eller ferjer er å argumentere mot regional utvikling. Vedlikehald av veg er viktig, men det tilfører ingen ny verdi, det gjer berre ting mindre dårleg.
Volvo 240’en eg hadde som attenåring vart ikkje ein ny bil same kor mykje eg gnikka og polerte den. Den tilhøyrde framleis fortida. Ei ferje med batteri er framleis ei ferje.
Så er det er sjølvsagt behageleg å ikkje ta risiko. Å ikkje ville noko. Å berre skylde på alle andre. Det krev ikkje anna enn flosklar og karakteristikkar.
Men faktum er at vi i dag er vi langt betre stilt enn dei var i både 1894 og 1933. Vi har pengar, vi har kompetanse, vi har kapasitet.
Spørsmålet er om vi har vilje, handlekraft og framtidstru.
Om vi har tru på at regionen vår skal vere viktig for Noreg også framover.
Det har eg.
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal