KI or not KI, that’s the question
Plus
Overskrifta ville ha vore eit Shakespeare-sitat om han levde i dag. Det er blitt rolegare i spaltene etter at Formannskapet (FS) utsette datasentersaka på nytt, så det er tid for litt refleksjon. Etter alle avisinnlegga har nok dei fleste fått med seg kva eit moderne datasenter driv med, nemleg KI og datalagring.
Mange trur nok at både underskrivne og mange andre som har ytra seg, er bitre motstandarar av å byggja datasenter på Husnes. Det er nok ikkje tilfelle, me er først og fremst bitre motstandarar av det vanstyret me opplever frå dei som skal styra denne kommunen. Det er ganske hårreisande at dei skal trumfa gjennom ei så prinsipielt viktig sak, ved å halda all kunnskap utanfor.
Ordføraren uttalte sist veke at nå hadde dei eit godt kunnskapsgrunnlag, og at dei kom til å ta ei god avgjerd. Nonsens. Dei har rett nok fått eit mykje betre grunnlag i dagane etter at han sa det, men framleis er dei langt unna.
Først og fremst så dreier saka seg om noko heilt anna, og mykje større, enn berre salet av ei tomt. Saka høyrer heime i kommunestyret (KS), og eg vil tru at eit eventuelt vedtak i FS i denne saka er grunn for å krevja lovlegkontroll. Etter lova skal FS nemleg ta seg av visse faste saker, dessutan kan dei ta avgjerd i saker som har blitt delegerte frå KS.
FS kan rett nok avgjera mindre tomtesal, på delegasjon. Men saker av fundamental prinsipiell betydning, som denne er, har dei ikkje lov å behandla, anna enn som førebuing til KS.
Nok om det i denne omgang, det var KI eg eigentleg ville snakka om. Tidlegare skreiv eg at eg ikkje diskuterer fordelane med KI, for dei er det mange nok som snakkar om, ikkje minst dei som vil etablera datasenter. Det er ulempene og farane ved KI som treng litt meir filosofering.
Somme meiner at det vil skje det same med KI som med andre store omveltingar som har skjedd i samfunnet gjennom tidene, nemleg at det går seg til, og så oppstår det nye arbeidsplassar. Me kan håpa at dette skjer med KI òg. Inderleg kan me håpa, men det ser faktisk ikkje slik ut i dag. Det nye, store stygge er nemleg at fagleg kompetanse blir overflødig, og det har me ikkje opplevd før.
I forgårs skreiv ITavisen dette: «Mark Zuckerberg kutter tusenvis av jobber samtidig som Meta øker AI-satsingen kraftig. Rundt 10 prosent av arbeidsstyrken rammes i første runde, mens nye kutt kan komme senere i 2026. Selskapet omorganiserer seg mot færre ledernivåer og høyere effektivitet, med mål om å la ansatte gjøre mer ved hjelp av kunstig intelligens.»
Med ein månads varsel seier han altså opp over 8000 arbeidsplassar, og antydar mange fleire om ikkje lenge. Kor mange fleire bedrifter vil gjera det same etter kvart? Dei fleste, slik det kan sjå ut.
Så må eg få skryta av Ove Røssland, trass i at han kallar oss andre for usaklege tullebukkar eller noko i den dur, at han har kjøpt seg inn i Reikna AS. Då har me kvinnheringar med, og det var ikkje i planane til kommuneleiinga. Dei vil selja skinnet før ein i det heile veit om det finst bjørn i området.
Forresten, kan eg òg få vera med? Og det er sikkert mange andre kvinnheringar som har lyst til å kjøpa aksjar òg, trur du ikkje? Kanskje så mange at dette kan bli nærmast eit reint kvinnheradfirma? Då blir det plutseleg litt meir meining i det heile.
Då sel me nemleg ikkje smøret gratis ut av kommunen. Nei, me får faktisk betaling for det!