Herold

Her er han på plass i ny jobb: – Ein klubb som har betydd mykje

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2026-04-22 12:36:38
Her er han på plass i ny jobb: – Ein klubb som har betydd mykje

FK Haugesund bekreftar at Endre Eide blir klubben sin nye hovudtrenar.

Rykta om Endre Eide til FK Haugesund har versert heile vinteren. Og denne veka vart det kjent at Endre Eide hadde sagt opp jobben som trenar i EIK og at FK Haugesund var nærme å sikra seg førstevalet sitt.

Onsdag ettermiddag kom meldinga om at Endre Eide hadde skrive under ein kontrakt på fire år med FK Haugesund.

– Det å få gå ut på matta i føremiddag og sjå Haugesund Sparebank Arena i all sin prakt gjer noko med deg, så eg er sjølvsagt veldig nøgd med å vera her, seier Eide i ei sak på FK Haugesund sin heimesider.

TV 2: Endre Eide blir trenar for FK Haugesund

Forma han

Sjølv om Eide kjem frå Husnes, kan han sjåast på som ein lokal figur også i Haugesund. Han har nemleg vore ein sentral trenar i breiddefotballen på Haugalandet og har også éin kamp som juniorspelar for klubben han no skal trena.

– Det er veldig inspirerande og motiverande å koma hit. Dette er ein klubb som har betydd mykje for meg. Eg har sagt i fleire samanhengar at FK Haugesund har forma meg som fotballmann og mange av dei personane som har gjort det bra her har eg vore så heldig å få møta og vera tett på, så veldig mykje av det eg står for er forma i denne klubben, seier Endre Eide.

FKH har fått ein strålande start på sesongen i Obos-ligaen, og står med tre sigrar av tre moglege.

– Ambisjonane er så enkle at vi ønskjer å gjera det så bra som overhovudet mogleg. Fotballspelarar vil alltid vinna neste fotballkamp, men vi må gjera det på vår måte og på ein måte som vi kan stå i over tid. På den måten er eg heilt sikker på at vi kan få kule ting til å skje og betalinga ligg der når ein er nøktern og jobbar hardt i kvardagen, seier Eide.

Trur det blir full klaff mellom Eide og FKH: – Han har ei høg stjerne

Offensiv

På spørsmål om kva fotball FKH-fansen kan venta seg med Endre bak roret, er han tydeleg.

– Folk kan forventa å få offensiv fotball, og ein fotball kor vi ønskjer å skapa og dominera. Det er heile drivkrafta mi som trenar, og så veit ein at det må liggja ein god struktur og arbeidsmoral i botn. I tillegg til at laget og klubben må stå samla både på og utanfor banen, seier Eide på det som var hans første dag som trenar for FK Haugesund.

Sportssjef Kristoffer Haraldseid er også veldig tilfreds med å kunna ønska Eide velkomen som ny hovudtrenar.

– Endre har vore vårt klare førsteval heile vegen, og vi er svært nøgde med å få han på plass. Han representerer ei tydeleg retning som byggjer vidare på det arbeidet vi allereie har starta på, både i måten vi speler på og korleis vi jobbar i kvardagen, seier Haraldseid i pressemeldinga.

Han peikar på at Endre er fagleg sterk og har klare prinsipp for korleis han ønskjer å utvikla laget.

– Han er strukturert, ambisiøs og svært dedikert til det han held på med, og har samtidig ei tilnærming som vi meiner treff godt på både spelargruppa og klubben som heilskap, seier sportssjefen.

Første kampen til Eide blir borte mot Stabæk komande søndag.

🔗 Related Articles (2)

View Graph
FKH bekrefter: Eide ny trener
Haugesund avis · 2026-04-22 11:39:47 +
FKH Endre Eide Dennis Horneland Øyvind Hompland Egersund FK Haugesund Haugesund Sparebank Arena Stabæk Stadion
FKH bekrefter: Eide ny trener
Dalane Tidende · 2026-04-22 11:39:47 +
FKH Endre Eide Dennis Horneland Øyvind Hompland Egersund FK Haugesund Haugesund Sparebank Arena Stabæk Stadion

🏷️ Extracted Entities (10)

Endre Eide (person) FK Haugesund (organization) Haugesund Sparebank Arena (organization) FKH (entity) Sportssjef Kristoffer Haraldseid (person) EIK (entity) Haugalandet (entity) Husnes (place) Obos (entity) Stabæk (entity)