Herold

Open organisasjon – ikkje fryktkultur

Plus
Kilde: Hordaland Author: Martin W. Kulild, rådmann i Voss herad Published: 2026-04-22 10:57:48
Open organisasjon – ikkje fryktkultur

Det har den siste tida igjen vore hevda at det eksisterer ein fryktkultur i Voss herad. Som rådmann vil eg vere tydeleg: etter mi samla vurdering er det ikkje grunnlag for å seie at det er ein gjennomgåande fryktkultur i organisasjonen vår. Dette er også stadfesta av både hovudverneombod og hovudtillitsvalde.

Kunne saken mellom helsefagarbeider Gebre og Voss Herad vært unngått?

Voss herad er ein stor og mangfaldig arbeidsplass med over 1.800 tilsette. I ein slik organisasjon vil det naturleg oppstå usemje – om prioriteringar, faglege vurderingar og korleis tenestene best skal utviklast. Slik usemje er ikkje eit teikn på frykt, men på engasjement og vilje til å påverke. Eg opplever at tilsette i Voss herad seier frå når dei meiner noko er kritikkverdig, og at det er rom for å løfte fram ulike syn.

Det er også vist til kritikk frå ein rapport som ligg meir enn ti år tilbake i tid. Den gongen vart det gjennomført grundige vurderingar med ekstern bistand, der konklusjonen var at skuldingane om trakassering og fryktkultur ikkje hadde grunnlag. Som rådmann i dag er eg oppteken av korleis me utviklar organisasjonen vidare – med openheit, tillit og god dialog.

Samtidig skal me vere ærlege på at ikkje alle alltid vil vere samde i dei vala som blir tekne. Det er ein del av det å drive store og viktige velferdstenester. Usemje må vi tole – og handtere på ein ryddig måte.

Eg ønskjer at Voss herad skal vere ein arbeidsplass prega av respekt, fagleg styrke og ein kultur der det er trygt å seie frå. Det arbeidet held fram – kvar einaste dag.

Av omsyn til ei pågåande rettssak vil eg ikkje kommentere den saka nærare no.

Alle dei involverte forklarte seg om omstridd møte: – Lina lét seg ikkje pressa på noko

Uklok åtferd frå Voss Herad?

Her er grepa PwC tilrår for å skapa varige løysingar ved Voss legekontor

Når me står i krevjande val, treng me kvarandre

🏷️ Extracted Entities (3)

Voss Herad (person) Gebre (entity) PwC (entity)