Herold

Når systemet fungerer – men mennesket forsvinn

Plus
Kilde: Hordaland Author: Ann Christin Nøss, erfaringskonsulent på vald i nære relasjonar gjennom Skiftkanal og Valdsavsnittet, Voss Published: 2026-04-22 14:03:51
Når systemet fungerer – men mennesket forsvinn

Hei.

Eg heiter Ann Christin. Eg har kompleks PTSD. Eg har voldsalarm.

Og eg har overlevd – så langt.

At eg står her, eller at du les dette, gjer det lett å tenkja at det gjekk bra. Men det seier ingenting om kva systemet gjorde medan eg prøvde å overleva.

De som jobbar med vald i nære relasjonar, gjer det innanfor system som er bygde for orden, struktur og kontroll. Det er nødvendig.

Men vald skaper kaos.

Og når system møter kaos, grip det ofte etter det ein kan kontrollera: papir, reglar, lovverk, fristar og avslutting av saker. Problemet er at vald ikkje let seg avslutta på den måten.

Å leva med vald gir den same kjensla som eit rovdyr som blir jaga. Du er konstant på vakt. Kroppen er i alarm. Du lever i frykt. Og når du først er i den situasjonen, er du ikkje fri til å velja rasjonelt slik systemet forventar.

For voldsutøvar seier ofte:

– Går du, tek eg barna.

– Du klarer deg ikkje økonomisk.

– Du er gal.

– Systemet kjem til å tru meg, ikkje deg.

Og midt i dette blir det sagt, direkte eller indirekte: Eg er den einaste som bryr meg om deg.

Når du lever i vald, kjenner du reglane. Du kjenner mønsteret. Du veit kva som skjer om du seier feil ting, går feil veg eller ber om hjelp på feil tidspunkt.

Det er farleg – men det er kjent. Så kjem systemet.

Og systemet seier: Kvifor går du ikkje berre? Kvifor har du ikkje gått før? Kvifor tek dette så lang tid?

For systemet ser ikkje rovdyret. Det ser berre valg som ikkje blir tekne.

Å vera voldsutsett i møte med hjelpeapparatet kan kjennast som å bli jaga vidare – inn i ein labyrint. Bak deg er volden. Framfor deg er nye kontor, nye etatar, nye skjema.

I kvar sving må du forklara på nytt. Dokumentera på nytt. Bevisa på nytt. Men ingen eig labyrinten. Ingen ser heilskapen. Og ingen har ansvar for å få deg ut.

På krisesenteret fekk eg spørsmål frå systemet: «Når er du ferdig med krisa di?»

Ikkje fordi nokon var vond. Men fordi saka måtte vidare. Avsluttast. Overførast.

For systemet handla det om flyt. For meg handla det om tryggleik, traume og overleving.

Når systemet møter vald berre med papir, reglar og lover – som i seg sjølv er viktige – men utan å møta mennesket bak saka, utan å sjå makt, frykt og mønster, då blir systemet ein del av belastninga.

Då opplevest det som vald i system. Og då må vi våga å stilla det vanskelege spørsmålet:

Kvifor skal ein gå?

Kvifor skal ein forlata ein situasjon der ein i det minste kjenner reglane, for å gå inn i eit system som ikkje snakkar saman, ikkje ser heilskapen, og der ein stadig må forsvara eigne reaksjonar, frykt og valg?

System er ofte bygde for konflikt mellom likeverdige partar. Vald handlar om makt – og makt er aldri likt fordelt.

Når ein situasjon blir forstått som «to like sider», utan å spørja kven som har mest makt, blir systemet ikkje nøytralt. Det blir medverkande.

Dette er grunnen til at samarbeid mellom etatar ikkje er valfritt – det er avgjerande.

Når barnevern, helse, politi, NAV, skule, krisesenter og rettsvesenet jobbar kvar for seg, blir den voldsutsette bodberar. Prosjektleiar. Koordinator for sin eigen tryggleik.

Men når de samarbeider, når kompetanse blir brukt på tvers, når informasjon blir delt, kan systemet sjå mønster i staden for enkelthendelser /saker.

Då kan risiko vurderast heilskapleg. Då kan avgjerder takast med forståing for konsekvensar – ikkje berre prosedyrar.

Tverretatleg samarbeid gjer at systemet sluttar å vera ein labyrint. Det kan bli ein veg ut.

Dette krev ikkje at de sluttar å vera profesjonelle. Det krev at de ikkje gøymer at de er menneska bak rolla.

Når fagkunnskap blir kombinert med medmenneskeleg ansvar, fungerer systemet betre – ikkje dårlegare.

Dette er ikkje ei skulding mot enkeltpersonar. Det er ei påminning om ansvar på alle nivå.

For kvar gong ei sak blir «avslutta», må nokon spørja: Er mennesket, familien trygg? Hadde det vore meg som mor, far syster? Hadde eg avslutta saka utan ein ny veg?

Om svaret er nei, er ikkje systemet ferdig.

  1. mars-markering tilbake på Voss: – Sakna det veldig i fjor!

Mange tok turen for å markera kvinnedagen: – Me har framleis mykje å kjempa for!

Skapar samlingspunkt på Vangen på den viktige dagen: – Dette er for alle

Evelyn (41) og Ann Christin (48) er tilsette som superheltar i Sprilt

🏷️ Extracted Entities (6)

Ann Christin (person) NAV (entity) PTSD (entity) Sprilt (entity) Vangen (entity) Voss (entity)