Hans Skjervheim: Eit jubileum til ettertanke
Plus
I Är er det hundre Är sidan Hans Skjervheim vart fÞdd. Truleg den mest kjende vossingen i andre halvdelen av forrige hundreÄret.
Rett nok er han framleis kjent blant fagfolk og tekstane hans er Ä sjÄ pÄ pensumlistene bÄde pÄ universitet og hÞgskular. Men trass i at lokale eldsjeler har halde liv i tankane hans gjennom eit Ärleg Skjervheim-seminar i meir enn tjuefem Är, sÄ er han i dag stort sett eit ukjent navn blant vanlege folk. OgsÄ her pÄ Voss. Ein rask sjekk fÞr eg begynte Ä skrive denne artikkelen, syner at knapt nokon unge i det heile hadde hÞyrt navnet.
Kven var sÄ Hans Skjervheim?
Det korte svaret er: Han var ein tenkjar â ein filosof. Kjend ikkje berre her i landet, men langt utover Noregs grenser. No er ikkje eg den rette til Ă„ vurdere han som fagmann â det fĂ„r andre ta seg av. Det eg kan gjere, er Ă„ prĂžve Ă„ formidle kvifor vi vanlege menneske â og ikkje minst vi som den gongen var unge â fann tankane hans sĂ„ inspirerande.
For det mĂ„ seiast om Skjervheim â han var slett ingen fjern og utilgjengeleg tenkjar. Det gjekk stort sett greitt Ă„ forstĂ„ det han skreiv. Dessutan likte han godt Ă„ snakke med folk. Og dĂ„ han fekk jobb som professor i Bergen og bygde seg hus heime i Myrkdalen, vart han eit fast innslag i gatebiletet pĂ„ Vangen. Ikkje minst pĂ„ RingheimskafĂ©en, der han samla folk rundt bordet laurdag fĂžremiddag til samtale og diskusjon.
I samtida var han nok best kjend for den langvarige kampen han fÞrte mot den sÄkalla «positivistiske» vitskapsforstÄinga, som han hevda gjennomsyra det politiske livet i Noreg i etterkrigstida. Med positivisme meiner ein eit syn der sikker kunnskap berre kan erfarast gjennom ytre observasjonar og naturvitskapelege metodar. Kort sagt gjekk kampen hans ut pÄ Ä identifisera og kritisera desse positivistiske og teknokratiske tendensane.
Premissa for denne kritikken hadde Skjervheim gjort greie for allereie i essayet «Deltakar og tilskodar» i 1957. Hovudpoenget hans var at det norske styringssystemet gjorde vanlege menneske til tilskodarar. Dette skjedde fordi dei styrande i sĂ„ stor grad sĂ„g pĂ„ seg sjĂžlve som sosiale ingeniĂžrar. Dei reduserte dei som skulle styrast til objekt som skulle observerast, mĂ„last og forklarast â i verste fall manipulerast. Dei vart kasus og mĂ„lgrupper.
I rĂžynda vart det altsĂ„ slik at styringseliten saman med fagfolk og eit velfungerande byrĂ„krati â godt vĂŠpna med argument frĂ„ samfunnsvitskapane, som vart sett pĂ„ som «objektive» styringsreiskap â kunne leggja premissa for viktige vedtak som vedkom oss alle. Medan vanlege menneske â ikkje minst folkevalde â vart gjort til sandpĂ„strĂžarar.
Rett nok kan ein politikk som baserer seg utelukkande pĂ„ positivistisk premiss, seia noko om kva som er mogeleg reint teknisk og ogsĂ„ kva som er effektivt og billeg. Men aldri kva som er rett og godt for eit menneske, hevda filosofen. Det er noko vi mĂ„ finne ut av i fellesskap â gjennom bruk av fornuft og dĂžmmekraft.
SĂ„ det var ikkje berre eit godt fungerande demokrati som sto pĂ„ spel, meinte Skjervheim. Til sjuande og sist handla det om kva eit menneske er â og bĂžr vere: Ein ansvarleg aktĂžr som saman med likemenn tar del i dei prosessane som er bestemmande for liva vĂ„re.
Ei stund sÄg det ut som Skjervheim skulle fÄ gjennomslag for kritikken sin. Men sÄ hardna det til igjen og dei siste Ära han levde, argumenterte han sterkt imot innfÞringa av New Public Management, som han sÄg pÄ som ei aggressiv og svÊrt skadeleg vidarefÞring av den positivismen han hadde brukt sÄ mange Är pÄ Ä kjempa imot.
Som vi veit, er dette eit system som m.a. gjer det mogeleg for folkevalde Ă„ «kjĂžpe» seg fri for ansvar ved Ă„ overlate til godt betalte byrĂ„kratar â eller «ekspertar» i private rĂ„dgjevingsselskap â Ă„ ta beslutningar som i hĂžgste grad vedkjem oss alle. T.d. i helsevesenet og i skulen. Noko vi ser at ogsĂ„ Voss herad nyttar seg av.
SjÞlv opplever eg at det finst ein grunnleggjande humanisme i Skjervheim si tenking. Han trudde pÄ mennesket som eit ansvarleg og fridomssÞkjande vesen. At nettopp fridom var viktig for han, er ikkje sÄ rart, oppvaksen som han var under den tyske okkupasjonen.
Eg vart for alvor kjend med han pÄ Ättitalet, i ei tid dÄ fridomsomgrepet igjen kom under debatt og han Ätvara sterkt oss som hÞyrde til pÄ den politiske venstresida, om ikkje Ä havne i det totalitÊre ufÞret.
Men like mykje uroa han seg over eit anna tankesett som nett pÄ denne tida var i ferd med Ä slÄ rot. At desse tankane dukka opp som ein slags frigjerings-ideologi i eit land som Frankrike, som historisk sett har vore svÊrt klassedelt og autoritÊrt, er kanskje ikkje sÄ overraskande. Men i eit litt vidare perspektiv er det ganske opplagt at denne filosofien var ein reaksjon pÄ heile den moderne vestlege kulturen slik han hadde utvikla seg. Derfor kallar ein gjerne dette tankesettet for postmodernisme.
Reaksjonen gav seg mange utslag â kanskje fĂžrst og fremst gjennom at stadig fleire mista trua pĂ„ «dei store forteljingane». Det vil seia dei heilheitlege forklaringsmodellane â og dĂ„ spesielt sosialismen og kommunismen â tankesystem ein i meir enn eit Ă„rhundre hadde brukt for Ă„ forstĂ„ verda og seg sjĂžlv. No hevda stadig fleire â med rette â at nettopp desse idĂ©ane var blitt brukt til Ă„ fĂžre millionar av menneske inn i ulukke og ufridom.
Denne skepsisen utvikla seg ganske fort til Ă„ omfatte mange andre hevdvunne oppfatningar â ikkje minst opplysningstida si tru pĂ„ framsteget og at ein pĂ„ grunnlag av fornuft og vitskap kunne nĂ„ fram til universelle sanningar. For sĂ„ til sist Ă„ ende i relativisme og ein hyllest til dei smĂ„, fragmenterte «forteljingane» og ei «sanning» i stadig endring.
Skjervheim sÄg straks faren i dette. «Dette er like ille som det verste diktatur», hugsar eg han sa ein gong. Grunnen var at ein slik tenkjemÄte rett og slett ikkje lar seg sameine med Ä fÞre ein fornuftig samtale. Igjen var demokratiet i fare.
Kjerna i argumentasjonen hans var at nÄr alle «sanningar» er like mykje verd, sÄ er dei eigentleg ingenting verd. I essayet «Invitasjon til kulturelt sjÞlvmord?» seier han det slik:
NĂ„r alle normalitetar er eliminerte, er det som vert stĂ„ande att berre den reine maktpolitikken. Anten vert ein utsett for maktbruk, eller sĂ„ bruker ein sjĂžlv makt. Ein har valet om Ă„ vere offer eller bĂžddel. (âŠ.). Grunnlaget for dĂžmmekraft er eliminert.
Hans Skjervheim dĂžydde i 1999. Men som vi ser, sĂ„ lever tankane hans i hĂžgste grad. Ser vi rundt oss i verda i dag, er det liten tvil om at Hans Skjervheim fekk rett. Sanninga er «privatisert». Makta rĂ„r â demokratia er pĂ„ vikande front.
Det er altsĂ„ mange gode grunnar til Ă„ nytte dette jubileet til igjen Ă„ setje navnet hans pĂ„ dagsorden. Viktigast Ă„ hugse er kanskje det han sjĂžlv aldri vart lei av Ă„ understreka: Kor viktig samtalen er. Ă mĂžtast ansikt til ansikt. Finna lĂžysingar basert pĂ„ felles fornuft og felles dĂžmmekraft. Tvihalde pĂ„ trua om at det er mogeleg Ă„ skilje mellom sant og usant â mellom rett og galt.
Ei viktig rÞyst altsÄ. Og eit klokt menneske med tankar som pÄ ingen mÄte har gÄtt ut pÄ dato.
Erfaringar frĂ„ ein god sjukeheim Snakka om hets mot lokalpolitikarar: â Vegrar seg mot upopulĂŠre avgjerder
DrĂžfta hard rapport: â Me har ikkje god nok kjennskap til butikken
Er vossingar lite imĂžtekomande?