Planlegg du Trolltunga-tur? Slik kan stengd veg og snø påverka turen din
Plus
Trolltunga AS melder om vegarbeid på Skjeggedalsvegen og krevjande snøforhold på stien til Trolltunga. Dette fører til endra opningstider for vegen og tilråding om guida turar.
Trolltunga AS minner tysdag ettermiddag om at det går føre seg vegarbeid på Skjeggedalsvegen, mellom P1 Tyssedal og P2 Skjeggedal. Det blir framleis arbeidd på staden etter rashendinga 14. mars.
– Dette arbeidet vil påverka tilgangen til området fram til slutten av juni, fortel dagleg leiar Åse Marie Evjen, i ei nyhendemelding.
Vegen er stengd for gjennomkøyring dagleg frå klokka 08.00 til 19.00. Utanom desse tidene er vegen open med unnatak av nokre timar på dagtid. Søndagar er vegen open heile dagen. Opningstidene er sagt å vera tilpassa fastbuande, hyttefolk, dei som arbeidar i Skjeggedal og i samband med dei guida turane.
For dei som planlegg å gå til Trolltunga melder Evjen at det er viktig å vera merksam på snøforholda. Stien frå P3 Mågelitopp til sjølve Trolltunga har mellom 20 centimeter og to meter snø. Vegen frå P2 Skjeggedal til P3 er derimot snøfri.
– Vêr- og føreforhold kan endra seg raskt på denne tida av året. Vi tilrår difor guida turar til Trolltunga i denne perioden, seier Åse Marie Evjen, og viser til facebooksida Trolltunga Trail Information og trolltunga.com for oppdateringar om både veg og føre.