Herold

Har selt ut alle festivalpassa – desse artistane kjem til fruktbygda

Plus
Kilde: HF Author: Eivind Dahle Sjåstad Published: 2026-04-22 16:50:00
Har selt ut alle festivalpassa – desse artistane kjem til fruktbygda

Artist og låtskrivar Kristian Kristensen (33) kjem til Morellfestivalen på Lofthus i juli. Arrangørane har snart spikra heile festivalplakaten.

Denne veka vart det klart at Kristian Kristensen skal stå på scena i fruktbygda torsdag under Morellfestivalen.

Den Oslo-baserte artisten frå Harstad er ein kjend profil i det norskspråklege poplandskapet med si store stemme og nære låtar som «Kan du lære mæ?» og «Hver gang vi møtes»-deltaking (ekstern lenke).

No er han aktuell med nytt album, som han reiste til Los Angeles for å jobba med, der han syng på engelsk.

– Ved å sjå «norske-Kristian» og livet hans frå utsida, frå den andre sida av kloden, tvinga språket meg inn i heilt andre tankespor. Det kjendest som ei nødvendig flukt for å sjå alt i eit nytt perspektiv, uttalte Kristensen i ei pressemelding då låta «Love Freely» kom ut tidlegare i år.

Morellfestivalen er allereie utseld for festivalpass.

– No har me nesten alle artistane klare, med unntak av to lokale. Ein skal spela på dagtid laurdag, og ein skal avslutta laurdag kveld, fortel Eirik Opedal i arrangørstaben.

Frå før er band og artistar som Byting, Staut og Daniel Kvammen klare for festivalen.

Morellfestivalen vart starta opp i 1996 og er også kjent for NM i morellsteinspytting.

Disse artistene kommer til Indre Hardanger

🏷️ Extracted Entities (12)

Kristian Kristensen (person) Morellfestivalen (entity) Byting (entity) Daniel Kvammen (person) Eirik Opedal (person) Harstad (place) Indre Hardanger (person) Lofthus (entity) Los Angeles (place) Love Freely (entity) Oslo (place) Staut (entity)