Semje i seks av sju meklingspunkt i Kinn
Plus
I meklinga om uløyste motsegner til arealdelen til kommuneplanen for Kinn vart det oppnådd semje i seks av totalt sju meklingspunkt torsdag 17. april. Men Terøya kan hamne på departementet sitt bord.
Statsforvaltar Liv Signe Navarsete mekla mellom Kinn kommune, fylkeskommunen, Statens vegvesen og Statsforvaltaren.
– Eg er svært nøgd med at partane viste vilje til å finne kompromiss slik at det vart løysingar for dei fleste motsegnene, seier Navarsete.
Ho meiner meklingsresultatet varetar kommunen sine behov for variert og nok bustadareal, samstundes som viktige nasjonale interesser vert tekne vare på.
Desse områda kom med i planen:
- Bustadområde ved Raudeberg
- Bustadområde ved Hopen
- Bustadområde ved Grønevik (under vilkår ved seinare detaljregulering)
Desse områda vart tekne ut:
- Næringsområde på Kulen vest for riksvegen ved Deknepollen
- Akvakulturområde ved Aralden
- Utleigehytter ved Vedvika
Terøy utan løysing
Meklinga for næringsområdet Terøy førde ikkje fram til semje. Fylkeskommunen og Statsforvaltaren meinte konfliktane med nasjonale og regionale miljøinteresser var for store.
Kinn kommunestyre kan difor ikkje eigengodkjenne arealdelen med rettsverknad for Terøy. Kommunestyret må anten ta ut området eller be Kommunal- og distriktsdepartementet om endeleg avgjerd.
Kommunen fekk elles skryt for eit oversiktleg og ryddig planframlegg frå Statsforvaltaren.