Steinras på fylkesveg i Stad
Plus
Tre store steinar og lausmassar har skada både vegbana og autovern. Vegtrafikksentralen melder at ryddinga vil kunne ta nokre timar.
Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder onsdag klokka 14.59 om at Stigedalsvegen på fv. 651 ved Velle er stengt grunna eit steinras.
Politiet opplyser at dei er på staden og fjernar bilar som står fast på begge sider. Entreprenør er også på staden for opprydding og vidare vurdering.
SISTE: Eit felt er opna og trafikken blir manuelt dirigert på staden, melder Vegtrafikksentralen klokka 18:29.
Trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen, Andreas Herland, fortel at etter det dei er kjende med, så har ingen bilar blitt tekne eller fastkøyrde grunna raset.
– Meldingane gjekk meir på at det bygde seg kø, og at det var vanskeleg å snu, og at ein difor ville dirigere vekk trafikk, fortel Herland.
Per no er det trafikkdirigering på E39, for å unngå vidare trafikk inn på rasvegen.
Trafikkoperatøren fortel at dei har både entreprenør og ingeniør frå Statens vegvesen på staden.
– Det var tre store steinar på om lag ein kubikkmeter som kom ned, saman med lausmassar, men det kan også sjå ut som det ligg att steinar oppe i skråninga. Så ein skal jobbe seg opp i terrenget og sjå, seier trafikkoperatøren, før han slår fast at dette neppe vert ein kjapp jobb:
– Det vil nok gå nokre timar.
Det skal også ha blitt skadar på vegen og på autovernet av steinane som kom ned.
Ifølge operasjonsleiar Frode Kolltveit i Operasjonssentralen fortel at raset skal ha gått like ved Stigedalsbrua.
– Vi var like i nærheita, og då var det 10-12 bilar som stod på nordsida av raset. Vi fekk vekk bilane og fekk sperra vegen til entreprenørane, seier han.
Slik som kollegaen i Vegtrafikksentralen fortel også Kolltveit at ingen av bilane skal ha vore faste i sjølve raset.
Klokka 16.35 melder operasjonsleiar Kolltveit at politiet er på staden med entreprenør og representant frå Fjellsikringa. Planen er å få ned dei siste steinane og deretter få rydda vegen. Trafikken vil bli dirgert fram til vegen er rydda.
Markøren på kartet under viser ikkje nøyaktig posisjon, men omtrentleg kvar raset skal ha gått:
Kart med ID 526582
Firda oppdaterer saka.