Herold

Takkar naudetatane etter brannen i Måløy

Plus
Kilde: Firda Author: Arne Hjorth Johansen Published: 2026-04-22 15:11:28
Takkar naudetatane etter brannen i Måløy

Kinn kommune rettar ein stor takk til naudetatane etter brannen i Måløy måndag.

(FIRDAPOSTEN): Det var ein kraftig brann i Vengengården i Gate 1, som førte til store skadar på bygget. Delar av takkonstruksjonen kollapsa i leilegheita som var hardast råka.

Kommunen rosar innsatsen frå naudetatane.

– Brannvesenet gjorde ein rask og profesjonell sløkkeinnsats under krevjande forhold. Også ambulanse og politi gjorde ein viktig jobb med å sikre liv og helse og handtere situasjonen på ein trygg måte, skriv kommunen.

Ifølge kommunen har innsatsen vore avgjerande for å få kontroll på situasjonen og ta vare på dei som er ramma.

Har oppretta kontaktpunkt

Kinn kommune har oppretta eit kontaktpunkt for dei som er råka av brannen eller har spørsmål.

– Du kan kontakte oss dersom du har spørsmål eller treng bistand frå Kinn kommune, opplyser kommunen.

Til Fjordenes Tidende fortel ordførar Bengt Solheim-Olsen at dei tysdag fekk ordna bustad til ein person som trengde det. I tillegg tok dei i bruk ei av leilegheitene kommunane eig til andre.

– Vi skal prøve å hjelpe så godt vi kan, seier han til avisa.

Treng du hjelp er det stabsleiar for informasjon og service, Linda Myhre Larsen som er kontaktperson. Du finn kontaktinfo på kommunen sine heimesider.

🔗 Published by 2 sources - Compare:

THIS SOURCE Firda PLUS
Takkar naudetatane etter brannen i Måløy
Arne Hjorth Johansen · 2026-04-22 15:11:28
Kinn kommune rettar ein stor takk til naudetatane etter brannen i Måløy måndag.
Takkar naudetatane etter brannen i Måløy
Arne Hjorth Johansen · 2026-04-22 13:40:00
Kinn kommune rettar ein stor takk til naudetatane etter brannen i Måløy måndag.

🏷️ Extracted Entities (8)

Måløy (place) Bengt Solheim-Olsen (organization) FIRDAPOSTEN (entity) Fjordenes Tidende (person) Gate (entity) Kinn (entity) Linda Myhre Larsen (person) Vengengården (entity)