Herold

– Det er som før: Hyling og skriking

Plus
Kilde: NH Author: Ole Jacob Riise Strønen Published: 2026-04-22 03:21:00
– Det er som før: Hyling og skriking

Helge Stokholm flytta heim igjen til Fedje. Der fekk han seg jobb og stabla fotballaget på beina att.

– Eg er faktisk nærmaste nabo til fotballbana her.

Det seier Helge Stokholm til NH med eit smil. Etter å ha budd lenge andre stadar på Vestlandet, flytta han i 2024 heim att til Fedje der han vaks opp.

I alle fall veldig nære:

– Huset der eg bur ligg rett over ein haug frå barndomsheimen min. Når eg går frå huset ser eg rett ned dit.

Fekk stabla laget på beina igjen

Nærleiken til fotballbana er god å ha når ein engasjerer seg i herrelaget til Fedje Idrettslag.

– Vi har berre nok spelarar til eit sjuarlag, då. Men det går, det.

Laget starta opp i februar 2026 og sesongen er i gang den 19. april. Stokholm er spelande trenar.

– Det er det som er så gale, seier han med eit glis, før han fortel at han som spelar får utløp for mykje meir enn han får som dommar.

– Som dommar må eg tenkje over kva eg seier tilbake. Men om eg får nokre kommentarar som spelar, kan motstandaren vente seg å få tre tilbake.

Det blir gjerne nokre taklingar etterfølgt av banning og steiking.

– Men utan det så mistar spelet litt av sjarmen. La no spelarane få utfolde seg litt, tenkjer eg når eg er dommar, seier 47-åringen.

Etter 25 år som dommar har han delt ut tre raude kort. Men som spelar har han fått det dobbelte

Å spele, går ikkje utover tida som dommar, fortel Stokholm. Han har lenge vore fast inventar med kort på innerlomma i heile distriktet. Dei fleste laga i Nordhordland og Gulen kjenner Stokholm som dommar.

– Eg dømde faktisk kamp i går mellom Austmarka G19 og Radøy 2, seier han.

– Delte du ut nokre raude kort?,spør NH-journalisten retorisk.

Stokholm humrar.

– For å seie det slik, eg har nok fått fleire raude kort enn eg har gjeve: Eg kan framleis telje dei eg har gjeve på ein hand.

– Det er som det var – det er hyling og skriking

Stokholm engasjerte seg i fotballen på Fedje tidlegare også, mellom anna som trenar. Men så kom koronapandemien i 2020.

Fotballsesongen blei avlyst, og når laget endeleg skulle stille igjen i 2021, hadde folk flytta frå øya, fått seg nye jobbar eller slutta å spele.

– Vi hadde rett og slett ikkje folk til eit lag.

Men dette var ikkje unikt for Fedje under pandemien, poengterer Stokholm.

Difor er han ganske så nøgd med at dei i 2025 kunne stille med sjuarlag igjen.

– Vi har framleis ikkje nok folk til ellevarlag, då må alle mann vere heime. Og det går ikkje alltid med jobbar i Nordsjøen og turnusvaktar. Vi mistar litt spelarar til det, og rekrutteringa her er ikkje den beste i utgangspunktet.

Og korleis er det å kunne spele fotball for Fedje igjen?

– Det er som det var – det er hyling og skriking. Høglydt. Eg kjeftar og ropar ut til den store gullmedaljen, seier lagleiar Stokholm, og held fram:

– Det går nokre glosar. Eg engasjerer meg kanskje litt for mykje.

Mykje likt som å vere drosjesjåfør

Fedjingen har drive på med mykje forskjellig opp gjennom tidene. Han har mellom anna vore dørvakt og taxisjåfør. Men når ein flyttar til Fedje, høyrer det med at ein jobbar på øya.

– I 2023 fekk eg spørsmål om eg ville jobbe for Feddie og søsterselskapa. Eg svarte «Utan tvil», med ein gong.

Sidan har han jobba stort sett alle plassar som har hatt servering på Fedje. Ofte som bartender i Pernillekafeen.

– Eg hadde ikkje noko erfaring til å byrje med: Då sat eg i døra på Holmen og tok inngangsbetaling. Sidan har alt vore sjølvlært.

– Her trivst eg veldig godt. Det er alltid kjekt å prate med folk: Både nye kundar og lokale folk, legg han til og ler.

Og det er ikkje så ulikt frå vande yrke:

– Kontakten du får med gjestane er mykje den same som når du køyrer drosje. Då er ein ikkje berre det yrket ein opptrer som. Då er ein også psykolog, samtalepartnar og eit lyttande øyre.

Ein må vere litt interessert i folk for å drive i desse yrka, fortel Stokholm.

Mykje som skjer, også i lågsesongen

– No er det lågsesong, men det har vore ting som har skjedd på øya likevel. Vi har halde opent i vinter, med quiz ein gong i månaden. Då er det vanlegvis eg som står i baren, seier Stokholm og viser fram baren i Pernillekafeen.

Han fortel om kveldar der det har vore heilt fullt når dei har bydd på quiz.

Han vaks opp på Fedje, men drog seinare ut i verda. Han har mellom anna budd i Bergen, Åsane og Knarvik sidan.

No er han tilfreds med å vere tilbake igjen på Fedje.

– Det er heilt greitt å bu ein plass der alle kjenner alle. Ein stad ein slepp unna bylivet. Eg merka det med ein gong eg flytta då eg kom ut hit og kunne spasere på bilvegen, seier han.

Men det er ei ulempe, òg:

– Ferja stoppar meg frå å dømme enkelte kampar. Spesielt når det er langt vekke og eg ikkje kjem meg heim att med siste ferja.

Han kan overnatte hjå stedottera på Manger, men skulle framleis ønskt det var ei ferje til om kveldane.

– Det hadde vore eit gode for alle saman.

🏷️ Extracted Entities (16)

Fedje Idrettslag (person) Helge Stokholm (person) Pernillekafeen (entity) Austmarka G19 (organization) Bergen (entity) Feddie (entity) Gulen (entity) Holmen (entity) Knarvik (place) Manger (entity) Nordhordland (place) Nordsjøen (entity) Radøy (place) Utan tvil (entity) Vestlandet (entity) Åsane (entity)