Årsmeldinga i Sunndal skjemmes av Refstie
Plus
Kommunedirektøren i Sunndal har lagt fram årsmeldinga og rekneskapen for 2025. Skriveriet som har vore innom kontrollutvalet, skal til formannskapet no på torsdag, før det kjem i kommunestyret i mai.
Skriveriet er greit og lesbart, bør lesast av alle, men skjemmast av ordførar Refstie som har fått inn 3 sider som han har skreve og eit stort bilete av seg sjøl. Biletet er fire gongar så stort som biletet av kommunedirektøren. Ordføraren har ikkje noko å gjere i årsmeldinga. Årsmeldinga er kommunedirektøren sitt skriveri.
Eit søk på nettet gjev meg;
«AI-oversikt
En årsmelding (ofte kalt årsberetning) i en kommune er kommunedirektørens offisielle rapport og regnskap til kommunestyret, som viser hva som har skjedd i organisasjonen i løpet av det siste året. Den gir en oversikt over måloppnåelse, økonomisk status, arbeidsmiljø, og tjenesteyting, og sikrer innsyn for politikere, ansatte og innbyggere.
Hovedinnhold i en kommunal årsmelding:
• Økonomisk oversikt: Presentasjon av årsregnskapet med balanse, driftsregnskap og investeringer.
• Tjenesteområder: Rapport om hvordan ulike kommunale tjenester (skole, helse, teknisk drift) har prestert.
• Måloppnåelse: Vurdering av om politiske mål satt i årsbudsjettet er nådd.
• Virksomhetsinformasjon: Opplysninger om personalforhold, HMS (helse, miljø og sikkerhet) og likestilling.
Årsmeldingen er et viktig dokument for kontroll og politisk styring, da den viser om kommunen drives i henhold til budsjett og politiske vedtak.»
I kommunelova sin §14-7 er årsmeldinga skreve om; https://lovdata.no/nav/lov/2018-06-22-83/kap14
Ordførar Refstie skriv at han har «myndigheten som øverste beredskapsansvarlig» i kommunen. Slik kan det ikkje vere når Sunndal kommune er organisert etter formannskapsmodellen.
Den øvste ansvarlege etter kommuneloven, er kommunedirektøren. Kommunedirektøren er og ansvarleg ansvarleg at kommunen er budd på kriser. Ansvaret går og fram frå Sivilbeskyttelsesloven.
Ordføraren er øvste politiske leiar, og kan ofte vere talsperson ved kriser.
Når kriser skal handterast, er det viktig at ansvaret er klårt.
Kommunen sitt delegasjonsreglement er greit og viser at kommunedirektøren er ansvarleg for Sivilbeskyttelsesloven.
https://delegering.kf.no/delegering/publikum/1563
Dei største byane våre, Oslo, Trondheim og Bergen, er ordna etter ein byrådsmodell. Dei har ikkje formannskap samansett etter kjøttvekt, men eit byråd, som ei regjering, leia av byrådsleiaren. Byrådsleiaren er då øvste beredskapsansvarleg.
Dersom Refstie så sterkt ønskjer det øvste beredskapansvaret, kan han prøve å få organisert Sunndal kommune med byråd……
Kommuneloven kapittel 10 handlar om parlamentaristisk styremåte. https://lovdata.no/lov/2018-06-22-83/§10-1
Når formannskapet og kommunestyret skal handsame årsmeldinga, bør dei først vedta at ordførar Refstie som medskrivar, er inhabil og så ta hans skriveri ut av årsmeldinga.
Det skal vere ryddigheit i politikk og forvalting.
Sunndalsøra 2026-04-21