Herold

Taus, trylling og tull på Daledagane

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Esben Hesjedal Published: 2026-04-19 06:33:54
Taus, trylling og tull på Daledagane

Evy Kvamme i Daledagsnemnda fortel at planlegginga av Daledagane er i full sving, og røper også nokre av innslaga til festdagane i byrjinga av juni.

Daledagane er i år torsdag 4. til laurdag 6. juni, og Evy Kvamme og arrangørnemnda er i full sving med planlegginga.

- Ja, eg trur det kjem til å bli veldig bra. Me har mykje å tilby, både når det gjeld underhaldning og standar i Gatå. Mellom utstillarane er det fleire nye som har meldt seg på, det er kjekt. I fjor var det rekordmykje folk framfor scena laurdagen, som nok hadde mykje med det ekstreme koret som då opptredde. Me håpar å følgja opp slik at det kjem like mykje folk i år, smiler Kvamme.

Taus kjem

Når det kjem til musikalsk underhaldning laurdag, røper Kvamme at artisten Taus vert hovudattraksjonen. Vossa-artisten er verkeleg i vinden for tida, alle låtane ho har sleppt er til dømes blitt A-lista på NRK, seinast låten «Trur eg fell».

- Taus treff både dei unge og vaksne, difor trur me ho passar godt på Daledagane «i beste sendetida» laurdag. Elles vert det tradisjonen tru også Bergsdalen Opp med start ved utescena. Eg kan også nemna at Blanke Messingen frå Stamnes, som har jubileum i år, kjem for å underhalda, fortel Kvamme.

Karneval og klovnestrekar

For borna vert det karneval fredag ettermiddag, og i samband med dette har Daledagsnemnda henta inn klovnen Hagbart Frisk, som kjem heilt frå Porsgrunn.

- Ja, før karnevalet startar opp, vert det klovneshow med Hagbart Frisk. Han byr på trylling, tralling og tulling for alle som ein gong har vore små. Han er ein musikalsk klovn, som har med seg gitar og mykje anna moro i kofferten sin, fortel Evy.

Ungdomsarrangement

Fredagskvelden vert det også eit show i Dalesalen, men innhaldet her er det ifølgje Kvamme litt for tidleg å røpa.

- Dessutan held me fram med ungdomsarrangement i Puben på Vertshuset torsdagen under Daledagane. Der kjem det nokre underhaldarar som me ikkje kan røpa heilt endå, pluss at ungdommane i det lokale bandet The Deepest Echo skal spela. Elles kan eg opplysa om at det ikkje blir Daledagsavis på tradisjonelt vis i år, men me lovar å komma godt ut med informasjon til folk likevel. Og til sist, skulle nokon ha lyst til å delta med underhaldning eller stand, så må ein kasta seg rundt og melda seg på snarast, avsluttar Evy Kvamme.

🏷️ Extracted Entities (16)

Daledagane (entity) Evy Kvamme (person) Daledagsnemnda (entity) Hagbart Frisk (person) Bergsdalen Opp (person) Blanke Messingen (person) Daledagsavis (entity) Dalesalen (entity) Deepest Echo (person) Gatå (entity) NRK (entity) Porsgrunn (place) Puben (entity) Stamnes (place) Taus (entity) Vertshuset (entity)