Herold

Kan vinna fagpris: – Som komponist har Inge Ronny ofte «usynleg» innhald i programmet

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Sigrid Nese Thue Published: 2026-04-21 17:45:39
Kan vinna fagpris: – Som komponist har Inge Ronny ofte «usynleg» innhald i programmet

Sogningane Noralv Pedersen og Inge Ronny Kvåle er nominerte til Gullrutens fagpris for arbeidet sitt med «Det ingen skulle tru at nokon kunne bu».

– Me gler oss spesielt på Inge Ronny sine vegner. Musikaren, produsenten og komponisten frå Sogndal har laga all musikken til programserien sidan 2015, 69 episodar i talet, seier prosjektleiar Noralv Pedersen i ei pressemelding.

Inge Ronny Kvåle er nominert i klassen Beste originalmusikk ikkje-fiksjon.

– Som komponist har Inge Ronny ofte «usynleg» innhald i programmet. Musikken kan vera så gjennomsiktig at me knapt ensar han – like fullt evnar han nærast umerkeleg å skapa stemningar og forsterka kjensler. Det er ikkje få gonger me har sete opprømte i klipperommet, etter å ha fått dei nye komposisjonane frå Inge Ronny, lagt dei inn i programmet og kjent korleis musikken hans løfter forteljinga og gir ho ekstra kraft, seier Pedersen.

Sjølv er vikjen nominert i Beste regi – einkamera underhaldning. I tillegg er Torje Bjellaas frå Voss/Jølster nominert i Beste foto – einkamera underhaldning.

«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er ein norsk fjernsynsserie om menneske som bur langt frå byen, men nær draumen om eit enklare liv, tett på naturen. Det første programmet vart sendt på NRK i 2002. Sidan då er det laga 24 sesongar av serien.

Gullrutens fagpris er ei årleg prisutdeling for den norske TV-bransjen – og blir delt ut i Oslo 22. april.

Drog til Barcelona, tek med seg heider heim: – Det er utruleg givande

Tre nominasjonar til Noralv og «Der ingen skulle tru ...»: – Eg får leita fram ein eller annan dress

🏷️ Extracted Entities (12)

Inge Ronny Kvåle (person) Beste (entity) Sogningane Noralv Pedersen (person) Barcelona (place) Gullrutens (entity) NRK (entity) Noralv (entity) Oslo (place) Sogndal (place) TV (entity) Torje Bjellaas (person) Voss/Jølster (entity)