Herold

Sjå lyset!

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Magne Strand og Oddvar Flæte Published: 2026-04-22 07:53:52
Sjå lyset!

Byggmix på Leikanger skal leggjast ned. Det er eitt av resultata av at bustadbygginga har stansa.

For ei bygd med stor innpendling, er det ille at det ikkje er mogleg å tilby tomtar. Bygging på den andre sida av vegen til butikken kjem ikkje i gong. Det er usemje om utkøyring. Det er ei tragisk utvikling.

Men det er også ein bodskap om at vi må leite etter moglegheiter. Kommunen strevar med å få vedtatt ein arealplan. I tillegg til alternativet som asplanviak har fremja, så er her nokre fleire:

  1. Gå gjennom tomtar som er ledige og gjer dei klare for utlysing

  2. Forleng miljøgata frå Hermansverk sentrum til Nav-bygget

  3. Slepp til det kombinerte forretnings- og bustadprosjektet som det blir arbeidt med ved Coop.

  4. Bygg i høgda i sentrum på Hermansverk

  5. Når Byggmix går bort og Coop flytter på andre sida av riksvegen, blir det mykje areal ledig mot sjøen. Kanskje vi bør regulere til leilegheiter direkte mot fjorden – Leikanger brygge?

  6. Korleis kan ledige areal på Mesta-tomta utnyttast?

  7. Når asylmottaket på Knausen er avslutta, korleis kan vi da utnytte arealet til fellesskapet?

Det er tid – jamvel overtid, for at kommunen stiller opp og syter for tomtar og/eller bustader til ei bygd med særs mange spennande arbeidsplassar.

«Kua døyr med graset gror», er eit gammalt ordtak. Bygda fortener handling!

Vi har arbeidsplassar. Vi treng tomter. Vi treng husvære. Vi treng ei utskifting av bustadmassen. Vi har jamvel sol – sjå lyset.

🏷️ Extracted Entities (7)

Coop (entity) Hermansverk (entity) Byggmix (entity) Knausen (entity) Leikanger (entity) Mesta (entity) Nav (entity)