Herold

Så verdifullt at det er verdt å riva eit kulturminne

Plus
Kilde: BA Author: Sølve Rydland Published: 2025-12-02 10:28:53
Så verdifullt at det er verdt å riva eit kulturminne

Prosessen har vore ein farse. Derfor er det gledeleg at fylket no hjelper bypolitikarane ut av ei pinleg knipe, og får byens eldste bygg fram i lyset.

Smartembed for https://www.ba.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=141407

Denne veka kunne fylkesordførar Jon Askeland (Sp), byutviklingsbyråd Eivind Nævdal Bolstad (H), og Inger-Lise Skarstein frå Fortidsminneforeningen stolte stilla opp i BA for å fortelja at ein verkeleg floke har løyst seg i Kaigaten.

I mars skal den omstridde rivinga av kulturminnet Sølvvarefabrikken starta, og skapa eit samanhengande byrom mellom dei to attståande delane av kvinneklosteret Nonneseter frå mellomalderen.

BA Snakk episode 15

Rekninga kjem totalt til å hamna på om lag 100 millionar kroner. Allereie har kommunen brukt 50 millionar på å kjøpa dei to bygga som skal rivast. Også rivinga og istandsettinga vil òg kosta 50 millionar, og sikkert meir, som skal hentast frå Miljøløftet.

Den sistnemnde rekninga har bypolitikarane vegra seg for å ta på seg, i konkurranse med andre viktige kommunal investeringar.

Det er sikkert enkelte som vil latterleggjera heile prosjektet:

Begge innvendingane framstår etter mi meining som ein smule historielause i denne samanhengen. At fylkeskommunen har gjort ein pragmatisk jobb for både å betra den tronge trafikksituasjonen for fotgjengarar, men òg å visa fram uvurderlege historiske samanhengar, er ei gåve til det historiske Bergen.

Det er nemleg ikkje noko kva som helst gamle bygg, som no skal få boltreplass mellom ikoniske Jernbanestasjonen, det praktfulle biblioteket og ikkje fullt så staselege Bergen Storsenter.

*Nei, Tårnfoten, som *vart reist ein gong mellom 1120 og 1130 vert rekna som det aller eldste ståande bygget i Bergen. Med andre ord eit bygg som er nesten like gammal som sjølve byen.

Er det ei historie som må endå meir fram i lyset, er det rolla Bergen hadde som handelsby, kongeby, og kyrkjeby i mellomalderen.

Nonneseter, som for lengst har vorte slukt av den tette byen, var ein gong ein landleg utpost i det som var den viktigaste byen i Norden. Over den tårnfoten me kan sjå i dag, raga tårnet til ei av dei 20 steinkyrkjene i denne byen.

Kyrkja som strekte seg langs det me i dag kjenner som Kaigaten var 50 meter lang. I den andre enden låg korkapellet; den andre bevarte bygningsdelen. Der Bergen Storsenter ligg i dag, låg truleg resten av klosteranlegget.

Historia om Nonneseter er òg unik kvinnehistorie. I 1320 var det 35 nonner som levde i det som var det største og rikaste kvinneklosteret i landet. I tillegg var det ei rekke andre kvinner i sving i ulike funksjonar.

*Her var det *kvinnene som hadde styringa. Abedissen, som var den øvste sjefen, var blant dei første kvinnelege toppsjefane me kjenner til.

I klosteret var det òg eit slags demokrati. Nonnene stemte nemleg på kven som skulle ha dei leiande stillingane.

I tillegg til det religiøse innhaldet i klosteret, var òg klosteret ein velferdsinstitusjon. Her tok ein seg av foreldrelause barn, sjuke fekk pleie, og klosteret fungerte òg som sjukeheim for fiffen i byen.

Rivinga av dei to bygga som i dag står mellom tårnfoten og korkapellet kan no gjera at essensiell mellomalderhistorie kan få ein tydlegare og meir synleg plass i byen.

Som nemnd, er det delte meiningar om dette, òg langt inn i dei antikvariske miljøa.

Til og med i Fortidsminneforeningen har enkelte tatt til orde for at riving av kulturminnet Sølvvarefabrikken, som representerer viktig industri- og gullsmedhistorie, representerer eit forelda antikvarisk vernesyn.

Det er heller ikkje slik at det berre er bygga som står der i dag som har skild dei to delane av det gamle klosteret frå kvarandre. Då nonnene for lengst hadde flytta ut, vart kyrkja riven og erstatta av garden Lungegården, som gav namn til Store- og Lille Lungegårdsvann, som i mellomalderen hadde gått under namnet Ytre- og Indre Alreksvågen.

For all del. Sølvvarefabrikken har stor verdi, trass i at bygget lenge har stått til nedfalls. I ein by med så mykje historie som Bergen, må ein likevel våga å ta nokon val. Restane av mellomalderklosteret, som til og med består av det eldste ståande bygget i byen, fortel ein heilt fundamental del av byhistoria. Derfor er det bra at dette no vert løfta fram.

*I tillegg til *at me vil få eit betre inntrykk av fortida, vil grepet òg gjera at dette området òg vil fungera betre i framtida. Det smale og trafikkfarlege fortauet langs bybanetraseen og den tronge passasjen til biblioteket vil verta omgjort til ei romslegare byrom, som vil fungera langt betre for mjuke trafikantar, og binda saman viktige institusjonar.

Derfor er det bra at fylkeskommunen no bidreg til å få på plass finansieringa av både riving og opprusting, og dermed hjelper kommunen ut av det som lenge har sett ut som ei pinleg knipe.

Det er andre saneringsprosjekt i byutviklingas namn, nær Bybanen, som er langt meir problematiske, spør du meg.

Sjølv om 100 millionar offentlege kroner er ein god del pengar, er Nonneseter eit tidsminne som ein historisk kulturby pliktar å visa fram på ein betre måte, og i ei tydelegare samanheng.

Ingenting er betre enn at fylket, byen og Fortidsminneforeningen kan gå saman om å skapa meir rom både for den stolte historia, men òg for dei som ferdast i byen i dag.

I over 40 år har Inger-Lise (88) kjempet for dette: – Det blir fantastisk

Lei av fotgjengere i sporet: Her skal Bybanen sette opp gjerde

Vil røske opp utenfor Jernbanestasjonen: – Rotete og nedslitt