Paraglider landa i tre – pilot uskadd
Plus
Klokka 12.18 fekk politiet melding om ei mogleg luftsportsulykke på toppen av Åbryge i Sogndal.
Det skal ha blitt observert tre paraglidarar i lufta og ein av dei har moglegvis gått i eit tre, melder politiet.
– Dette er observert frå lang avstand så forholdet er uavklart, opplyser Knut Dahl-Michelsen.
Politiet sender ressursar til staden for å avklare. Eit redningshelikopter er også på veg.
Klokka 12.39 er politi og brannvesen framme i område. Det er observert ein skjerm i eit tre frå avstand.
Politiet har kontakt med paragliderpiloten på telefon.
– Han forklarer at han har hatt eit uhell, men skildrar seg som uskadd, seier Dahl-Michelsen.
Naudetatane jobbar med å komme seg fram til han for å hjelpe.
Klokka 13.03 er politiet og brannvesenet framme med mannen. Han framstår uskadd, og går saman med redningsmannskapet ned igjen til vegen.
Klokka 13.36 melder politiet at dei avsluttar oppdraget. Mannen i 40-åra er uskadd og blir igjen på staden for å ta ned skjermen frå treet.